Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Arv og miljø avgjør kven vi erChevronRight
  5. Sjukdommar, arv og miljøChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjukdommar, arv og miljø

Sjukdom kan skuldast både arv og miljø. Visse genkombinasjonar kan gi auka risiko for enkelte sjukdommar, samstundes som miljøfaktorar kan utløysa sjukdom.

Lyst barn får medisin med teskje. Foto.

Sjukdom

Det er mykje som tyder på at nedarva eigenskapar påverkar utviklinga av ei rekkje sjukdommar. Blant ei gruppe menneske som har vore utsette for dei same skadelege miljøpåverknadene, er det store variasjonar i verknaden på helsa deira. Dette kan skuldast ulik genetisk utrusting, men også eit samvirke av bakgrunnsfaktorar som livsstil, kosthald, røyking, alkoholvanar, alder og kjønn.

Mennesker med DNA-koder. Illustrasjon.

Skadelege stoff i miljøet rundt oss speler ei viktig rolle ved utviklinga av mellom anna hjarte- og karsjukdommar, kreft og astma. Men desse sjukdommane har også ein genetisk bakgrunn som påverkar risikoen for å bli sjuk. Dei sjukdomsframkallande gena kan vere nedarva, eller dei kan ha oppstått ved mutasjonar i enkeltceller – spontant eller som resultat av ytre miljøpåverknad. Ofte er mange gen involverte på éin gong.

Med dei metodane forskarane i dag rår over, kan dei studere dei enkelte gena og variantane deira (). Det blir arbeidd med å identifisere dei genkombinasjonane som gir høgast risiko for sjukdomsutbrot.

Genetisk sjukdom påverka av miljø

Forsking på einegga tvillingar

Når gen speler ei vesentleg rolle, får oftast einegga tvillingar same sjukdommen til om lag same tid.

Hjarte- og karsjukdommar

Hjerte og åre. Illustrasjon.
Blodpropp i hjartet.

Eit tvillingpar levde svært ulike liv på kvar si side av jordkloden. Då han som levde usunt med mykje stress, lite trening og usunn mat fekk hjarteinfarkt, blei broren oppfordra til å gå for å kontrollere sitt hjarte. Nokså uventa viste det seg at han som levde sunt, var i faresona. Han blei operert like før han fekk hjarteinfarkt i nøyaktig same blodåra som broren.

Desse to hadde gen som gjorde at dei var disponerte for å få hjarte- og karsjukdommar. Forsking viser elles at miljø og livsstil i dei fleste tilfelle har svært mykje å seie for sjansen for å utvikle hjarte- og karsjukdommar, og at den som lever sunt og er godt trent blir snarare frisk att etter sjukdom.

Miljø og livsstil bestemmer den biologiske alderen din

Eldre kvinne som ligger i en seng. Foto.
Miljø og livsstil påverkar kor raskt vi eldest.

Når celler deler seg, blir arvestoffet kopiert. Kvar gong eit kromosom blir kopiert, blir ein del av tuppen til kromosomet forkorta. Desse kromosomendane blir kalla telomerar (polyA-tail) og viser kor raskt cellene eldest.

Ein tvilling som hadde levd eit hardt liv og røykt mykje, hadde langt kortare telomerar og dermed ein biologisk alder som var ti år høgare enn kva den einegga tvillingsystera hennar hadde! Denne forskjellen gjer at den ”eldste” er langt meir utsett for sjukdommar som beinskjørheit, gikt og kreft.

Leukemi påverka av arv og miljø

Leukemi er ikkje nødvendigvis nedarva. Det er ein kompleks sjukdom der årsakene er ein kombinasjon av arva gen og påverknader frå omgivnadene. Då dei einegga tvillingane Olivia og Isabella var 2,5 år gamle, fekk Isabella leukemi. No er ho frisk, men kortare enn systera.

Kreftceller i blodet sett i mikroskop. Foto.
Leukemi - kreftceller i blodet

Sidan forskarane har meint at det er ei genetisk årsak til at ein får leukemi, studerte dei kvifor berre den eine tvillingen blei sjuk. Det viste seg at ein betennelse i mandlane hadde utløyst sjukdommen hos Olivia, og at systera også hadde eit lågt tal med leukemiceller i blodet.
Ved nærare studiar såg dei at Isabella sine leukemiceller hadde éin mutasjon, mens Olivia sine leukemiceller hadde fire mutasjonar.

Takka vere desse to tvillingane har forskarane no lært seg å kjenne igjen celler som er i ferd med å utvikle seg til leukemiceller. Det starta i fosterlivet med ein mutasjon i DNAet då desse to delte blod gjennom same morkaka. Sidan dei begge er fødde med denne mutasjonen, vil begge ha ein fare for å utvikle leukemi, men blodcellene deira blir kontrollerte kvart halvår.

Læringsressursar

Arv og miljø avgjør kven vi er

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Mutasjonar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Overvekt, arv og miljø

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk sykdom: Jakten på sykdomsgenet. Bioteknologiskolen 6.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mutasjonar som drivkraft i evolusjonen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mutasjonar med kortstokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff