Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Arv og miljø avgjør kven vi erChevronRight
  5. Samandrag – arv og miljøChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – arv og miljø

Dei fleste av eigenskapane våre kjem av eit samspel mellom arv og miljø. Vi kan ikkje velje gena våre, men gjennom eigne val kan vi i stor grad styre kva slags miljøpåverknader vi skal utsetjast for.

Dame i svarte treningsklær midt i et hopp. Foto.
  • Dei fleste av eigenskapane våre kjem av eit samspel mellom arv og miljø.
    • Berre arv: blodtype, fargeblindskap
    • Arv og miljø: hudfarge, lengdevekst, fart
    • Berre miljø: språk, dialekt, religion
  • Vi kan ikkje velje gena våre, men vi kan i stor grad styre kva slags miljøpåverknader vi skal utsetjast for, ved å gjere eigne val.
  • Sjukdom:
    Det finst gen som er direkte årsak til sjukdom, men mange gen påverkar helsa vår ved at dei gjer oss meir eller mindre disponerte for å få ein sjukdom.
  • Når vi reagerer ulikt på dei same miljøpåverknadene, kan det komme av ulik genetisk utrusting, men også eit samvirke av bakgrunnsfaktorar som livsstil, kosthald, røyking, alkoholvanar, alder og kjønn.
  • Epigenetikk: Livsstil og miljø kan endre måten vi bruker gena våre på.
  • Overvekt aukar risikoen for mellom anna type 2-diabetes, hjarte- og karsjukdommar, muskelskjelettlidingar, psykiske lidingar og enkelte former for kreft.
  • Mutasjonar er forandringar av arvematerialet hos ein organisme.
    • Cellene har fleire reparasjonssystem som kjenner att og reparerer eventuelle feil på arvestoffet, slik at mutasjonar er nokså sjeldne.
    • Somme mutasjonar har lite å seie, mens andre er ugunstige og gir sjukdom.
    • I svært sjeldne tilfelle har mutasjonar gitt gunstige nye eigenskapar som har vore viktige for evolusjonen.
      • Genmutasjon: endring i eit einskilt gen, slik at for eksempel ei aminosyre blir bytt ut. Eksempel er Sigdcelleanemi.
      • Kromosommutasjon: feil kromosomtal eller bitar av eit kromosom har falle av, blitt snudde eller flytte til eit anna kromosom. Eksempel er Down syndrom.

Læringsressursar

Arv og miljø avgjør kven vi er

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Mutasjonar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Overvekt, arv og miljø

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk sykdom: Jakten på sykdomsgenet. Bioteknologiskolen 6.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mutasjonar som drivkraft i evolusjonen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mutasjonar med kortstokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff