Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Arv og miljø avgjør kven vi erChevronRight
  5. Arv og miljøChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arv og miljø

Eigenskapane våre kjem av eit samspel mellom arv og miljø. Få eigenskapar er påverka av berre arv eller berre miljø. Epigenetikk er eit forskingsfelt som prøver å kartleggje korleis miljøet kan påverke kva for nokre av gena våre som skal vere aktive.

104 år gamle kinesiske tvillinger

Kva avgjer korleis vi blir?

I nokre tilfelle er arv den viktigaste faktoren. For eksempel kjem genet for blodtype alltid til uttrykk, uansett korleis miljøføresetnadene elles er. I andre tilfelle speler miljøet størst rolle. For eksempel er dialekten vi snakkar påverka av miljøet vi har vakse opp i, mens røysta i større grad er bestemt av arv.

Summen av alle ferdigheitene og eigenskapane våre utgjer til saman fenotypen vår, med andre ord «korleis vi er». Eigenskapane våre kan vi sjå som produkt av arv og miljø.

Løvetann på asfalt. Foto.
Løvetann på asfalt
Løvetenner. Foto.
Løvetanneng

Løvetannfrø frå ei og same plante kan hamne i svært ulike miljø. På løvetannbileta kan du sjå ei plante som veks på asfalt, med fare for å bli tråkka på, og ei som veks på godt jordsmonn. Dei kan ha svært like gen, men dei ulike miljøføresetnadene gjer at plantene utviklar seg forskjellig.

Forsking på førekomsten av hjarte- og karsjukdommar, diabetes og fleire andre sjukdommar hos folkegrupper som byter miljø og livsstil, har gitt ny kunnskap om betydninga av arv og miljø.

Sjølv om vi ikkje vel gena våre sjølve, er det mogleg å styre miljøet vårt i nokså stor grad. Vi menneske står overfor val som om og om igjen bestemmer livsstilen og miljøet vårt. Om ein sofaslitar begynner å trene, vil utvalet av gen som er aktive, bli endra. Det er vel riktig å påpeike at dei som har god økonomi, har langt fleire moglegheiter til å påverke miljøet sitt gjennom eigne val.

Tvillingforsking og epigenetikk

Einegga tvillingar har identiske gen. Ei eggcelle blir befrukta av ei sædcelle, og celledelinga skjer på vanleg måte, men plutseleg deler celleklumpen seg i to utan at ein veit grunnen til det. Einegga tvillingar er i utgangpunktet heilt like fordi dei har identisk arvemateriale, men når einegga tvillingar har ulike eigenskapar, er det svært interessant for forskarar å kartleggje kva for miljøpåverknader desse to har vore utsette for. Forskjellar mellom einegga tvillingar gir svært nyttig informasjon til forskinga som prøver å finne ut korleis gen blir skrudde av og på.

To fostre som er eneggede tvillinger. Illustrasjon.
Ulik vekst hos eneggede tvillinger.

Forskjellar mellom einegga tvillingar gir svært nyttig informasjon til forskinga som prøver å finne ut korleis gen blir skrudde av og på. Tvillingforskinga avslører korleis omgivnadene påverkar oss som vaksne, som barn, og til og med før vi blir fødde. Det at tvillingar deler på den vesle, tronge plassen i livmora, betyr ikkje at dei har nøyaktig dei same opplevingane. Om éin tvilling legg beslag på større del av morkaka enn den andre, vil han få meir næring og vekse fortare. Nyare forsking tyder på at forskjellar mellom tvillingar oppstår i fosterlivet. Med andre ord kan forholda i livmora påverke utviklinga seinare i livet.

Gener påverkast av miljøet

er eit forskingsfelt som prøver å kartleggje korleis miljøet påverkar kva for gen som er aktive og ikkje. Vi begynner å forstå at dei gena vi er fødde med, kan bli endra av livsstil og miljø.

Kromosom består av DNA-spiralar, som igjen består av gen, men langt frå alle gena er aktive samtidig. Dei kan for eksempel vere dekte til av bestemte protein slik at dei blir skrudde av. Slike epigenetiske faktorar kontrollerer aktiviteten til gena våre.

Samanliknande eksempel

Orkester og dirigent. Foto.
Orkester og dirigent.

Forholdet mellom DNA-sekvensane og epigenetiske faktorar liknar på forholdet mellom noteteikn og orkesterdirigenten. På same måte som dirigenten i eit orkester styrer kva for instrument som skal spele, og kor høgt dei skal spele til kvar tid, vil epigenetiske faktorar styre kva for gen som skal vere aktive, og kva for gen som skal slåast av. Akkurat som forskjellige dirigentar lagar forskjellige utgåver av det same musikkstykket, så kan epigenetiske faktorar skape forskjellig utsjånad eller oppførsel på grunnlag av det same arvematerialet.

ADHD

Røntgenbilde av to hjernar. Foto.
Hjernar med og utan ADHD.

Det er svært sjeldan at berre den eine tvillingen har ADHD. I minst 80 prosent av tilfella vil begge tvillingane ha ADHD viss den eine har det. Arveanlegga speler ei svært viktig rolle, men gen gir ikkje heile forklaringa.Miljøpåverknader i tidleg fase, som fødselsproblem og blodtilføring i fosterlivet, er faktorar det blir forska på. Tvillingen Daniel fekk tidleg diagnosen ADHD. Han var svært aktiv og prata i eitt sett, mens broren Dillon var stille, svært forsiktig og tenkte mykje.

Etter å ha undersøkt fleire liknande tvillingpar fann forskarane små forskjellar i ein bestemt del av hjernen. Det kan tyde på at informasjonsstraumen i hjernar er påverka av at dette området er mindre hos dei som har ADHD. Det ser ut til at hårfine forskjellar i omgivnadene, sjølv før vi blir fødde, kan bidra til å forme oss til den personen vi blir.

Seksuell orientering

To gutar med panna mot kvarandre. Foto.
Homofilt par.

Her rasar debatten vidare, sjølv om tvillingforskarar på andre område ser ut til å komme til eining. Mark og John er einegga tvillingar. Dei håper på eit svar på den einaste slåande forskjellen mellom dei. Den eine er homofil, og den andre er heterofil. Dei var alltid saman i oppveksten, var med på dei same aktivitetane og hadde dei same vennene.


Forskinga viser at einegga tvillingar oftare deler seksuell legning enn toegga tvillingar. Dette tyder på at det finst ein arveleg komponent, men om gena bestemte alt, ville Mark og John hatt same seksuelle legning.

Det er opplagt at det er noko anna som verkar inn. Forsking på einegga tvillingar med forskjellig seksuell legning viser hittil at det kjem mindre an på kva for gen du har, enn kva for gen du bruker (kva gen som er aktive). Det ser ut til at tvillingane har fått skrudd av og aktivert ulike gen. Forskinga, som enno er på eit tidleg stadium, leiter etter gen som styrer seksuell legning, men forskarane veit enno ikkje kva for gen dei leiter etter.

Meir om epigenetikk

Læringsressursar

Arv og miljø avgjør kven vi er

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Overvekt, arv og miljø

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk sykdom: Jakten på sykdomsgenet. Bioteknologiskolen 6.

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mutasjonar som drivkraft i evolusjonen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helse og livsstil

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mutasjonar med kortstokk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff