Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Arv og miljø avgjør kven vi erChevronRight
  5. Forsøk: Mutasjonar med kortstokkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Mutasjonar med kortstokk

Her skal du bruke ein kortstokk for å illustrere ei tilfeldig rekkefølge av basar i DNA.

Hand som held spillkort. Foto.

Utstyr

Den genetiske kode, og kortstokk: (ta ut kløver 2 slik at det er 51 kort i stokken, altså 17x3). Korta representerer basane i DNA, slik: spar = A, hjarte = T, ruter = C og kløver = G.

Framgangsmåte

  1. Stokk korta og legg dei etter kvarandre. Omset rekkefølgja av korta til baserekkefølgja i DNA, som du skriv ned, som triplettar, i ein tabell slik den du ser nedanfor.
  2. Bruk baserekkefølgja i DNA til å finne dei komplementære basane som blir i m-RNA.
    I DNA: Adenin bind seg til tymin, og cytosin bind seg til guanin.
    I RNA: Adenin bind seg til urasil, og cytosin bind seg til guanin.
  3. Bruk den genetiske koden og finn rekkefølgja av aminosyrene i proteinet etter baserekkefølgja i m-RNA (17 aminosyrer). For å studere kor dramatiske forandringar som kan oppstå i eit protein når det skjer forandringar i DNA, kan du gjere følgjande: Hald fram med dei korta du la ut i punkt 1. Ta ut ruter 5 frå plassen sin og legg det sist i kortrekkja . Gjer deretter punkta 1 - 3 om igjen. Dette tilsvarer den typen mutasjon som vi kallar baseutfall.
  4. Vurder korleis endringane i proteinet blir påverka av kor i genet baseutfallet skjer.
  5. Legg ruter 5 attende på sin opprinnelege plass og erstatt dette kortet med kløver 2. Denne forandringa kallar vi punktmutasjon. Vis kva for endringar som oppstår i m-RNA og eventuelt i proteinet.

Resultat

Før opp resultata dine i ein tabell som den du ser nedanfor.

Drøfting

  1. Kva for konsekvensar fekk dei eventuelle endringane som skjedde i baserekkefølgja for proteinet ditt i oppgåve 4?
  2. Kva kan skje dersom eit protein får endra rekkefølgja av aminosyrene det består av?
  3. Kva for følgjer fekk punktmutasjonen i oppgåve 5 for proteinet ditt?

Tabell

Lag ein tabell som denne, men med plass til 17 triplettar.

TriplettDNAmRNAAminosyre
1
2
3
:
:
16
17

Læringsressursar

Arv og miljø avgjør kven vi er

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Overvekt, arv og miljø

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk sykdom: Jakten på sykdomsgenet. Bioteknologiskolen 6.

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mutasjonar som drivkraft i evolusjonen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helse og livsstil

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff