Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Medisinsk bruk av bioteknologiChevronRight
  5. Stamceller blir til andre cellerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stamceller blir til andre celler

Stamceller er celler som ikkje er spesialiserte. Dei deler seg og kan gi opphav til nye celletypar. Vi kan òg kalle dei "opphavsceller" eller "morceller".

Stamceller i petriskål utvikler seg til flere ulike celletyper. Illustrasjon.

Funksjonen til stamcellene

Plansje som viser flere nivå av stamceller. Illustrasjon.
Ulike typar stamceller

Kvart sekund døyr fleire tusen celler i kroppen. I ein frisk kropp blir desse med det same erstatta med nye celler. Det er stamcellene som produserer alle dei nye cellene. Stamcellene er altså opphavet til spesialiserte kroppsceller, som for eksempel muskel-, blod-, hud-, tarm- og nerveceller. Stamcellene blir òg omtalte som umodne celler fordi dei ikkje er spesialiserte.

I tillegg til å lage nye celler kan stamcellene reprodusere (kopiere) seg sjølve. Dei blir til nye, identiske stamceller. Vanlege celler mister nokre av eigenskapane til opphavscellene på vegen, mens stamcellene ser ut til å ha "evig liv".

Det finst fleire typar stamceller. Somme kan utvikle seg til alle typar celler. Andre typar har færre utviklingsmoglegheiter. Forskarane veit enno ikkje kor mange gonger stamcellene deler seg før dei blir til spesialiserte celler. Og dei veit heller ikkje kvar alle stamcellene sit i kroppen.

Ulike stamceller

Totipotente stamceller

Celleklump. Foto.
Embryo på 8-cellestadiet.
Mikroskopbilde av celler. Foto.
Embryonale stamceller hos menneske

Frå eit egg blir befrukta, og gjennom dei første celledelingane er cellene som blir danna, såkalla totipotente stamceller.
Ei totipotent stamcelle kan gi opphav til alle typar celler og eit heilt individ dersom vi plasserer ho i ei livmor. Cellene er totipotente heilt til det har blitt 8–16 celler i celleklumpen. Etter omtrent fire dagar startar cellene å spesialisere seg.

Pluripotente stamceller

Celleklump i livmor – tidlig stadium i fosterutvikling. Illustrasjon.
Blastocyst med pluripotente stamceller
Mikroskopbilde av rund celleklump. Foto.
Blastocyst som er 5 dager gammel.

Stadiet mellom befrukta egg og foster kallar vi ein blastocyst. Blastocysten er som ein hol ball der cellene i veggen rundt gir opphav til morkaka, mens ei samling av celler inni ballen skal gi opphav til individet (sjå figur).
Desse cellene inni blastocysten er såkalla pluripotente stamceller som kan utvikle seg til alle typar celler, men dei kan ikkje danne morkake. Ei pluripotent stamcelle kan difor ikkje gi opphav til eit individ dersom ho blir plassert i ei livmor.

Multipotente stamceller

Etter kvart som blastocysten veks til eit foster, blir stamcellene endå meir spesialiserte, og dei går frå å vere pluripotente til å bli multipotente med meir færre utviklingsmoglegheiter. Multipotente stamceller gir opphav til celler med bestemte funksjonar, for eksempel ulike typar blodceller. Det er slike multipotente stamceller vi har som vaksne. Vi veit mest om dei som finst i beinmergen og lagar blodceller.

Unipotente celler

Tverrsnitt av muskel
Muskelstruktur.

Teikninga illustrerer bygnaden til ein muskel med bindevev, blodkar og musklar. Unipotente stamceller som muskelstamcellene kan danne berre ein type celler, men har evne til sjølvfornying – noko som skil dei frå ikkje-stamceller.

Forsking på stamceller

Det blir forska mykje på pluripotente stamceller fordi dei kan erstatte øydelagde celler og vev. Forskarane trur no at pluripotente stamceller vil bli viktige for framtidig behandling av Parkinsons sjukdom, Alzheimers sjukdom, hjarteinfarkt, slag, diabetes, revmatisme og fleire andre sjukdommar, men enno er det ikkje utvikla behandlingsmetodar der ein bruker pluripotente stamceller.


Fleire håper òg at stamceller skal kunne brukast til å dyrke fram heilt nye organ. Stamceller kan hentast frå fleire kjelder, men bruken av desse cellene er etisk omstridd. Det finst få stamceller, og dei er vanskelege å isolere. Sjølv om multipotente stamceller frå beinmergen blir brukte i behandling av blodkreft no, er det framleis lenge til stamceller kan brukast i behandlinga av andre sjukdommar.

Viss forskinga lykkast i å finne metodar som gir auka tilgang på stamceller, vil det òg gå raskare å komme fram til gode behandlingsmetodar mot ulike sjukdommar. Forskinga på stamceller er enno mest grunnforsking, der ein prøver å forstå kva for prosessar som skjer i cellene, mens bruksretta forsking går ut på å finne metodar som kan brukast i medisin eller industri.

Mange har store forventningar til dei moglegheitene stamcellene kan gi. Det er likevel lang veg å gå enno før nye behandlingsformer kan vere klare til å takast i bruk:
Først må ein gjere meir grunnforsking, deretter bruksretta forsking (der ein skildrar metodane) og til slutt utprøving på fleire nivå.

Læringsressursar

Medisinsk bruk av bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genterapi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    SNP – Gentestar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk biologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tang, tare og alginat – ein ressurs for framtida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter