1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Medisinsk bruk av bioteknologiChevronRight
  5. Øvingsoppgåver – Medisinsk bruk av bioteknologiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver – Medisinsk bruk av bioteknologi

Desse oppgåvene krev at du hentar inn opplysningar og arbeider med stoffet.

Eneggede tvillinger med tåteflaske. Foto.
  1. Kvifor blir ikkje stamceller brukte meir til medisinsk behandling enn det som blir gjort i dag?
  2. Korleis kan kloning brukast til å gi betre helse for menneske?
  3. Gentestar blir brukte både til identifisering og diagnostikk. Skriv ned moglege fordelar og ulemper som du meiner at desse metodane gir oss.
  4. Forsking innanfor bioteknologi gir stadig nye og oppsiktsvekkjande resultat. Ei ”sanning” treng ikkje vare lenge.
    Leit på Internett, i aviser eller tidsskrift.
    1. Finn ein diskusjon som handlar om bioteknologi. Vurder påstandane til deltakarane. Baserer dei synspunkta og argumenta sine på fakta?
    2. Skriv ein blogg om den nye kunnskapen, og drøft moglegheitene som han gir – sett frå ditt perspektiv.
    3. Finn ei nyheit om bioteknologi. Det kan for eksempel vere ny kunnskap om gen eller resultat frå utprøving av ei behandlingsform. Set deg inn i saka, og presenter nyheita munnleg for resten av klassen eller i ein blogg.
  5. Tenk ut ei ny behandlingsform der ein utnyttar bioteknologi til å betre helse. Bruk kreativiteten din! Kva kunne du, som forskar om ti år, tenkje deg å utvikle til det beste for menneskja?

Læringsressursar

Medisinsk bruk av bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genterapi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    SNP – Gentestar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk biologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tang, tare og alginat – ein ressurs for framtida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter