Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Medisinsk bruk av bioteknologiChevronRight
  5. SNP – GentestarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

SNP – Gentestar

Moderne gentestar kan raskt gi informasjon om alle gen. Ved genomsekvensering kan ein kartleggje alt arvestoffet (heile genomet) eller berre gena, som utgjer omtrent 2 % av arvestoffet.

Microchip og DNA-streng. Illustrasjon.

SNP-test

analysar omfattar også -testar (blir uttalt snipp). SNP er variasjonar i enkeltbasar i DNA-et. SNP-testane undersøkjer spesielle variantar, og vi kan bruke resultata til å seie noko om sjukdommar.

I ein SNP-test blir ei stor mengd utvalde posisjonar på DNA-molekylet lesen av, der ein på førehand veit at det førekjem forskjellar i DNA-et frå individ til individ. Det er kartlagd ei stor mengd SNP-ar i arvestoffet til menneska. Nokre av desse SNP-ane er knytte til forskjellige sjukdommar, fordi dei er plasserte i nærleiken av sjukdomsgen i DNA.

Kva fører SNP-ar til?

  • SNP-ar i gen kan medføre endring i samansetninga til protein og kan forårsake sjukdom.
  • SNP-ar som ikkje fører til endringar i protein, kan brukast som genetiske markørar, fordi dei er plasserte svært nær eit sjukdomsgen og derfor oftast blir nedarva saman med sjukdomsgenet.

Gentestar på sporv – forskingsprosjekt om tilpasningar

Filmen under er ein reportasje om forsking på sporv på øya Vega i Helgeland. Det blir forska på sporven si tilpassing til miljøforandringar, og på kven som er i slekt med kven.

Forskarane har fleire spørsmål og problemstillingar som dei prøver å belyse ved hjelp av SNP-genotyping og genom-. Det er kartlagd ei stor mengd SNP-ar i sporven sitt arvestoff.

Læringsressursar

Medisinsk bruk av bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genterapi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk biologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tang, tare og alginat – ein ressurs for framtida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter