Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Krysning og genmodifiseringChevronRight
  5. Samandrag – kryssing og genmodifiseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – kryssing og genmodifisering

Mange små tomater. Foto.
Tomatar kan få auka innhaldet av A-vitamin ved hjelp av gen frå gulrot.

Samandrag

  • Kromosomer stilt opp parvis.
    Kart over mennesket sine kromosom. Det skal vere anten XX eller XY, sjølv om begge er med her.
    Det finst to typar kromosom: autosom og kjønnskromosom. Menneska har 44 autosom og 2 kjønnskromosom (X og Y).
    Kvinner har to X-kromosom, mens menn har eitt X-kromosom og eitt Y-kromosom.
  • Kromosoma motsvarar kvarandre parvis, slik at dei to kromosoma i eit par inneheld dei same gentypane. I eit kromosompar er nemleg det eine kromosomet arva frå far og det andre frå mor.
  • Kvart kromosom i kroppen vår (bortsett frå i sædceller og eggceller) er produsert ved at det er laga ein kopi av ei anna kroppscelle. Dette skjer gjennom ei celledeling som vi kallar mitose. Prosessen kjem i gang når cellene deler seg for å vekse eller for å vedlikehalde kroppen.
  • Når ei eggcelle og ei sædcelle smeltar saman under befruktinga, slår dei to cellekjernane seg saman. For å unngå at kromosomtalet blir dobla ved befruktinga, skjer det ei spesiell celledeling som blir kalla meiose. Ved meiose blir kromosomtalet halvert og kjønnscellene danna.
  • Eit bestemt gen kan finnast som ei av fleire moglege utgåver. Slike ulike utgåver av eit gen kallar vi allel. Dersom begge allela er like, er vi homozygote for ein eigenskap. Er allela ulike, er vi heterozygote for eigenskapen.
  • Somme gonger vil det eine allelet av eit gen totalt overskyggje verknaden av det andre. Det kallar vi dominant arvegang.
  • Når den heterozygote organismen er ein mellomting av dei to homozygotane, seier vi at arvegangen er intermediær.
  • Korleis ein eigenskap blir arva, heng òg saman med om genet som kodar for eigenskapen, finst på autosoma eller på kjønnskromosoma. Når genet for ein eigenskap sit på eit kjønnskromosom, blir det kalla kjønnsbunden arv.
  • Genmodifisering kan endre eigenskapane til organismen. Genmodifiserte organismar (GMO) blir brukte innanfor mange område (medisin, avl, landbruk og industri).
  • Plansje som viser innsetting av gen i plasmid og kloning av DNA. Illustrasjon.
    Kloning av DNA. Genmodifisering av bakterie.
    Alle levande organismar inneheld DNA. Nitrogenbasane i DNA-molekyla er identiske i alle levande organismar, men rekkefølgja av basane varierer frå organisme til organisme.
  • Sidan den genetiske koden er universell, vil eit gen produsere det same proteinet utan omsyn til kva slags organisme genet er i. Gena treng altså ikkje kome frå ein nærskyld art for å verke, og derfor kan gen i prinsippet overførast mellom alle levande organismar

Læringsressursar

Krysning og genmodifisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Celledeling

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Blodtypebestemmelse

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mitose

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Arv og avl – når to blir éin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Memory med genetikk og arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff