Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Krysning og genmodifiseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av genmodifiserte organismar (GMO)

Genmodifiserte organismar (GMO) kan gje større avlinger og redusert bruk av sprøytemiddel. Av ulike grunnar er mange land tilbakehaldne med å ta i bruk GMO.

Gresshoppe stikker opp bak eit grønt blad. Foto.
Genmodifisert mais har fått tilført eit gen som gjer at planta produserer ei insektgift.

Befolkningsvekst - auka matbehov

Verdshelseorganisasjonen (WHO) reknar med at befolkninga på jorda vil vere på rundt 9 milliardar menneske i 2050, noko som set store krav til effektiv og sikker matproduksjon verda over. Ved hjelp av gen- og bioteknologi kan vi i dag auke den globale matproduksjonen ved å redusere tapet av avlingar og auke avkastninga per kvadratmeter.

Omfanget av genmodifiserte planter

Banner med protest mot GMO-mais. Foto.
Demonstrasjon mot genetisk modifisert mais.

Dei største produsentane av genmodifiserte planter finn vi i USA, Argentina, Brasil og Kina, mens det i Europa er fem land som produserer genmodifiserte planter, mest i Spania.


Sidan så mykje som 70 prosent av det totale dyrkingsarealet i Nord- og Sør-Amerika blir brukt til genmodifiserte planter, er det i dag ei utfordring å få tak i ikkje-modifiserte råvarer frå planter som soya, mais og raps. Dermed er det viktig å få fram kunnskap, mellom anna om vi trygt kan bruke dei genmodifiserte råvarene i fiskefôr utan nokon effekt på veksten eller helsa til fisken.

Merking

Verdenskart hvor land med regelverk for merking av GMO-mat er farget grønne.
Land med lovar om merking av genmodifisert mat

Norsk lovgiving krev at genmodifiserte næringsmiddel, inkludert tilsetjingsstoff og aromastoff, skal merkjast som ”genmodifisert” i innhaldslista på innpakninga til næringsmidlet (både mat og fôr). Dette gjeld både når næringsmidlet inneheld genmodifiserte organismar, og når produktet er laga av genmodifiserte organismar utan å innehalde det.

Eksempel på bruk av genmodifisering

Seks røde tomater hvor én av dem har påtrykt dna-profil. Foto.
  • Tomatar kan få auka innhaldet av A-vitamin ved hjelp av gen frå gulrot. Gulrota er spesielt rik på A-vitamin.
  • Forskarar har klart å modifisere risplanter slik at risen har fått auka innhald av vitamin og mineral. Dette er viktig for u-land som har ris som viktigaste matkjelde, og der befolkninga ofte lir av underernæring.
  • Planter som er motstandsdyktige mot insekt, virus og sjukdommar, reduserer behovet for insektmiddel og gjer at avlingane aukar. I Afrika døyr opptil 80 prosent av potetavlingane viss dei ikkje blir sprøytte mot eit skadeleg virus. Ved hjelp av genteknologi er det no utvikla ein genmodifisert potet som er motstandsdyktig mot dette viruset og gjer insektmiddel overflødige.
  • I USA har mais som har fått eit gen frå ein bakterie, ført til at 75 prosent av maisbøndene har redusert eller heilt slutta å bruke insektmiddel. Samtidig er avlingane blitt større. Årsaka er at det innsette genet får maisen til å produsere eit stoff (bt-toksin) som er giftig for dei skadelege insekta. Ein er klar over faren for at resistens kan oppstå hos skadeinsekta, men det er visstnok ikkje påvist. Men blir økosystemet påverka når desse skadeinsekta blir fjerna, og kan Bt-toksingenet spreiast til andre, skylde artar? Kan det påverke andre dyr og insekt?
  • Planter kan få gen slik at dei toler vanskelege forhold som tørke, kulde, høg temperatur og jord med høgt saltinnhald. Ei plante som vanlegvis lever i varmare strøk, kan for eksempel få eit gen frå ei arktisk plante, slik at ho toler kulde.

    Denne typen genmanipulering fører til at færre avlingar går tapt under ekstreme vêrforhold, samtidig som vi får fleire moglege dyrkingsområde for matvarer. Utviklinga av slike produkt tek tid og er kostbar. Forskinga blir hovudsakleg driven av kommersielle selskap som ikkje ser det som lønnsamt å utvikle planter for tørkeramma, fattige område som blir plaga med svolt. Produktutviklinga for marknader der kunden kan betale, blir derfor prioriterte.
  • Ekstra gen for veksthormon og gen for betre fòrutnytting, gjer at oppdrettsfisk veks raskare og er meir lønsame. Denne fisken er derimot ikkje så godt tilpassa eit liv i fridom som anna fisk. Dersom dei slepp fri, vil oppdrettsfisken representere ein trugsel for dei ville stammane. Fagstoffside om genetisk forureining..
  • Planter, dyr og mikroorganismar kan òg genmodifiserast, slik at dei produserer stoff som vi kan bruke i framstillinga av medisin, fargestoff, enzym, kjemikalium osv. På den måten kan industrien for eksempel framstille vaskemiddel med enzym, og legemiddelindustrien kan produsere hormonet insulin til diabetikarar.

Se flere ressurser om genmodifisert mat

Læringsressursar

Krysning og genmodifisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Celledeling

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Blodtypebestemmelse

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mitose

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Arv og avl – når to blir éin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Memory med genetikk og arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff