Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Krysning og genmodifiseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Genmodifisering

Genmodifisering er å endre kva for gen ein organisme har. Med genteknologi kan ein setje inn, fjerne eller endre gen.

Gul maiskolbe med mørke maiskorn som staver GMO. Foto.

Avl og kunstig seleksjon

Sidan vi menneske starta med landbruk og husdyrhald for omtrent 11 500 år sidan, har planter og dyr blitt valde ut med tanke på dyrking og avl. Individ med gunstige eigenskapar blei kryssa og avla på i mange generasjonar for å få fram rasar som gav gode avlingar. Ved kunstig seleksjon må ein prioritere somme eigenskapar som skal førast vidare, men det vil alltid følgje med andre eigenskapar som er mindre gunstige.

Mutasjonsforedling

Stråling og kjemikalium har blitt brukte for å framkalle tilfeldige mutasjonar hos planter i håp om å få fram mutantar med gunstige eigenskapar. Metoden gir auka genetisk variasjon i plantematerialet, men resultatet er svært usikkert. Genteknologi gir nye og meir presise måtar å endre plantegen på.

Genmodifisering

Genteknologi gjer det no mogleg å kontrollere overføringa av utvalde gen til ei celle eller ein organisme. Dette kan vi bruke til å få fram ønskte eigenskapar raskare og meir presist enn ved avlsarbeid.

Overføring av gener mellom arter. Illustrasjon.
Overføring av gen mellom artar

Mange moglegheiter

Genmodifisering kan endre eigenskapane til organismen anten ved å styrkje ein eigenskap som allereie finst hos arten, eller ved å tilføre ein heilt ny eigenskap.

Akvarium. Foto.
Fluorescerende zebrafisk med rekombinant DNA

Vi kan til dømes få ei plante til å bli motstandsdyktig mot angrep frå enkelte insekt ved å setje inn eit bakteriegen som kodar for ei spesiell gift. Vidare kan vi gjere ei plante sjølvlysande ved at ho får eit spesielt gen frå eldfluga, og vi kan få bakteriar til å produsere humant insulin ved å tilføre dei eit menneskegen. Når arveanlegg blir overførte mellom artar, kallar vi det genspleising, og vi seier at organismen blir transgen.

Metodar for å setje inn gen i planter

  • Bakterie overfører gen til plantecelle. Illustrasjon
    Genoverføring til plantecelle ved hjelp av TI-plasmid frå jordbakterien Agrobacterium

    Genkanon kan brukast til å skyte gen inn i DNA-et til planta.

  • Overføring av gen ved hjelp av bakterieplasmid er meir vanleg.

    Agrobacterium er ein vanleg sjukdomsframkallande jordbakterie som overfører gen til andre planter ved hjelp av plasmid.

    Denne eigenskapen kan utnyttast ved at vi set dei gena vi ønskjer å overføre, inn i plasmidet. Naturen si eiga genmodifisering gjer at genoverføringa blir meir presis enn vi klarer med genkanon.

Ikkje alltid vellykka

Det er slett ikkje alltid så enkelt å få til vellykka genoverføringar. Metodane blir valde etter kva art ein jobbar med. Genoverføring ved hjelp av plasmid som blir brukt på planter og bakteriar, er vel den enklaste og sikraste metoden fordi plasmid så lett lèt seg manipulere og lett blir tekne opp av bakteriar. Men òg ved denne metoden er det gjennomsnittleg berre éin av ein million bakteriar som gjennomgår ein vellykka transformasjon.

GMO (genmodifiserte organismar) definerer vi som mikroorganismar, planter eller dyr som har fått endra den genetiske samansetjinga si ved hjelp av genteknologi.

Rekombinant DNA er arvestoff som er sett saman av DNA-sekvensar som normalt ikkje høyrer saman.

Bruksområde

Slitt blå dongeribukse. Foto.
Dongerifarging kan no ved hjelp av GMO gjerast utan bruk av cyanid.

Genmodifiserte organismar (GMO) blir i dag brukte til produksjon innanfor mange felt: mat, dyrefôr, tekstil, legemiddel og så bortetter. Mange av dei nye organismane har eigenskapar som er ettertrakta. Genmodifisert mat kan til dømes gi større avlingar og betre lagringsevne, næringsinnhald, smak, konsistens og utsjånad.

Dyrking av genmodifisert mat kan gi oss fordelar med tanke på miljøet, til dømes meir motstandsdyktige planter som gir redusert bruk av sprøytemiddel. GMO gjer det dessutan mogleg å produsere nye og reinare vaksinar. Genmodifiserte mikroorganismar kan brukast i oppreinsking og kontroll av forureining.

Ved såkalla xenotransplantasjon (organtransplantasjon frå dyr til menneske) får dyra endra gena sine slik at vevstypen skal passe betre til mottakaren. Sidan det er mangel på donorar, er dette nyttig for oss menneske, men er det etisk forsvarleg? Kva med smittefare?

Injeksjon i celle. Foto.
Injeksjon i celle

For at dei nye gena skal påverke heile organismen og gå i arv til neste generasjon, må dei nye gena bli sette inn i egget eller i den befrukta eggcella før celledelinga tek til.

Læringsressursar

Krysning og genmodifisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Blodtypebestemmelse

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mitose

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Arv og avl – når to blir éin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Memory med genetikk og arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff