Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Krysning og genmodifiseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjønnsbunden arv

Kjønnsbunden arv er når arvelege eigenskapar finst i kjønnskromosoma. Fargeblindhet og blødersyke er døme på kjønnsbunden arv.

Kongelige på tronen med små barn. Maleri.
Dronning Victoria brakte arveanlegg for blødersjukdom inn i Europas kongehus. Sjukdommen er kjønnsbunden, recessiv og vanlegvis knytta til X-kromosomet. Sjukdomen kjem difor oftast til uttrykk hos menn.

Kjønnsbunden recessiv arv

Krysningsskjema med X-bunden recessiv arv. Illustrasjon.
X-bunden recessiv arv. Når mor er berar av den recessive kjønnsbundne eigenskapen, er det 50 prosent sjanse for at sønene hennar arvar eigenskapen (for eksempel blødarsjuke eller fargeblindskap)
Test av fargesyn. Illustrasjon.
Personar med normalt fargesyn skal sjå talet 6 i dette biletet. Personar som er fargeblinde/fargesvake for raude og grøne nyansar, ser ikkje noko tal.

Genet som kodar for fargesyn, finst i to utgåver (allel): F for fargesyn og f for fargeblindskap, og desse finst berre på X-kromosomet.

Sidan kvinner har to X-kromosom, må kvinner arve to kopiar av det recessive allelet (ff) for at dei skal bli fargeblinde.

Menn har berre eitt X-kromosom og treng derfor berre eitt recessivt allel for å bli fargeblinde/fargesvake (f). Kvinner som har eitt recessivt og eitt dominant allel (Ff), har normalt fargesyn, men er berarar og kan få søner som er fargeblinde/fargesvake.

Blødersykdom er eit anna døme på kjønnsbunden recessiv arv. Han fanst blant Europas kongelege, og vart brakt inn gjennom dronning Victoria.

Krysningsskjema kjønnsbundet recessiv arv. Illustrasjon.
Kjønnsbunden recessiv arv
Krysningsskjema. Illustrasjon.
X-bunden dominant eigenskap hos far

Kjønnsbundet dominant arv

Når far er berar av eit dominant gen på X-kromosomet sitt, vil alle døtrene hans, men ingen av sønene arve den eigenskapen, sidan sønene berre får Y-kromosom frå far.

Når eit dominant gen sit på eit av mor sine X-kromosom, vil både søner og døtrer ha 50 prosent sjanse for å arve eigenskapen.

X og Y

X-kromosomet er nesten tre gonger større enn Y-kromosomet. Det har gen som styrer langt fleire eigenskapar enn dei som har med kjønn å gjere.

Mogelege kjønnsceller. Illustrasjon.
Kjønnskromosom
Mutasjonar på X-kromosomet er årsak til ein del recessive sjukdommar som er langt hyppigare hos menn fordi dei berre har eitt X-kromosom.

Ulike syndrom som skriv seg frå feil tal kjønnskromosom.

Y-kromosomet utgjer bare 0,9 prosent av DNA-mengda hos menn og har hittil fått påvist 86 proteindannande gen. Det er enno ikkje kartlagt spesielle eigenskapar som kjem av gen på Y-kromosomet, dersom ein ser vekk frå dei som har med kjønn å gjere. Det er likevel somme som meiner at hårete øyre kan komme av y-bunden arv. Kromosommutasjon: XYY-syndrom

Læringsressursar

Krysning og genmodifisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Blodtypebestemmelse

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mitose

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Arv og avl – når to blir éin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Memory med genetikk og arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff