Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Krysning og genmodifiseringChevronRight
  5. Intermediær og recessiv arvChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Intermediær og recessiv arv

Gena arvar vi uendra, men verknadene av dei blir ikkje alltid synlege. Ein genutgåve kan verke dominant, recessivt, intermediær ("midt imellom") eller kodominant ("både og").

Hvit elg kryssr grusvei i skogen. Foto.

Kryssingsskjema blomstrar. Illustrasjon.
Intermediær arv.

Kryssingsskjema, heterozygoter. Illustrasjon.
Intermediær arv. Krysning av heterozygote organismar gir følgjande sannsynlege fordeling hos avkommet: Ein firedel får raude blomar, ein firedel får kvite, og halvparten får rosa.
Kodominans hos sau. Illustrasjon.
Kodominans hos sau.

Intermediær arv

Når det heterozygote avkommet får ein mellomting av eigenskapen til to homozygote, kallar vi arvegangen intermediær eller ein "ufullstendig dominans". Eit klassisk eksempel på intermediær arv finn vi hos ei plante som heiter prydløvemunn. Når raude og kvite planter av denne arten blir kryssa, blir alle plantene rosa. Avkommet får altså ein mellomting av eigenskapane til foreldra sine.

Kodominans for blodtypar. Illustrasjon.
Blodtypar, kodominans.

Kodominans

Nokre gonger vil organismar som er heterozygote, vise begge . Dette kallar vi kodominans og gjeld for eksempel blodtype AB. Allela A og B er like dominante og blir uttrykte like sterkt.

Dette verkar slik at dei som har blodtype AB, har overflateprotein av både type A og B på dei raude blodlekamane. Sjå eksempel på kodominans i blodtypar.

Recessiv arv

Somme kjem berre til uttrykk som ein spesiell eigenskap dersom ein er homozygot recessiv for genet. Ein må altså ha dobbelt opp av det recessive genet for å få den recessive eigenskapen.
Eksempel på dette er grøne erter, kvit prydløvemunn, blodtype 0, lyseblå auge og albino, som den kvite elgen på biletet.

Sjå eksempel på recessiv arv:

Krysningsskjema for augefarge frå cappeldamm.no

Sigdcelleanemi frå wikipedia.org..

Eit allel kan verke dominant, recessivt, ufullstendig dominant (intermediær / "midt imellom") eller kodominant ("både og" som blodtype AB).

Læringsressursar

Krysning og genmodifisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?