Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Krysning og genmodifiseringChevronRight
  5. CelledelingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Celledeling

Ved vanleg celledeling (mitose) får vi to nøyaktige kopiar av morcella. Når kjønnsceller blir danna (meiose), blir kromosomtalet halvert.

Ulike stadier i celledeling. Illustrasjon.

Mitose (vanleg celledeling)

DNA kopieres. Illustrasjon.
DNA blir kopiert slik at kromosoma blir doble og klare til deling. Resultatet blir to identiske kromatid.

Vanleg celledeling er mest aktiv på fosterstadiet, men vi produserer nye celler heile livet. Desse skal gi vekst og erstatte gamle celler som er utslitne. Vanleg celledeling er også kalla vekstdeling og gir to nøyaktige kopiar av morcella. Mitose går til kvar tid føre seg i heile kroppen utanom i kjønnscellene, men tempoet avheng av vevstypen. Celledelinga går også noko seinare med auka alder. Dette kan vi til dømes sjå ved at sår gror seinare, og at huda eldest.

Kromosompar med doble kromosomer. Illustrasjon.
Eit kromosompar med doble kromosom.
Når ei moden kroppscelle skal dele seg i to, blir arvestoffet først kopiert, slik at kromosoma blir doble. Deretter kan kvart doble kromosom dele seg på langs ved at dei blir splitta i sentromeren. Dei 46 enkle kromosoma (kromatid) blir trekte til kvar side. Cellemembranar blir danna rundt dei to kromosomsetta, og vi har fått to nye dotterceller med nøyaktig same arvestoff som morcella.

DNA kopierer seg sjølv

Nukleotid. Illustrasjon.
Nukleotid er byggesteinar i DNA og RNA. I DNA består nukleotid av fosforsyre, sukkeret deoksyribose og ein nitrogenbase som her er guanin (G).

Når DNA kopierer seg sjølv blir det kalla DNA-replikasjon. Det som skjer, er at eit enzym "klipper" opp DNA-strengen på langs mens nye nukleotid fester seg til dei ledige plassane (nitrogenbasane).

A fester seg til T, og C fester seg til G. På den måten blir det danna to nye strengar med utgangspunkt i oppskrifta på dei gamle DNA-strengane.

Denne prosessen gir to nøyaktig like kromatid. Kromatida er bundne saman i sentromeren og utgjer eit dobbelt kromosom – klar til deling.

Mitose og meiose. Illustrasjon.
Forenkla modell av mitose og meiose.

Meiose (kjønnscelledeling)

Danning av kjønnsceller går føre seg i testiklane hos menn og i eggstokkane hos kvinner. Når kjønnsceller skal dannast må kromosomtalet halverast. Før delinga vil kromosompara stille seg opp parvis. Deretter blir alle kromosompara skilde, slik at det blir 23 kromosom på kvar side av cella.

No blir cella delt, og cellemembranar omsluttar dei nye cellene med halvt kromosomtal. I andre deling blir dei doble kromosoma delte og vi får fire kjønnsceller med halvt kromosomtal.

Gener bytter plass ved meiosen. Modell.
Meiose og overkryssing.
Kromosoma i eit par kan byte nokre gen mens dei er oppstilte parvis og ligg inntil kvarandre. Fenomenet blir kalla overkryssing. Denne bytinga sikrar at ingen kjønnsceller blir identiske.

Slik blir gena stadig kombinerte på nye måtar og sørgjer for større genetisk variasjon hos avkommet.

23 + 23 = 46

Egg- og sædceller inneheld berre 23 kromosom. Dermed blir det 46 kromosom (23 par) etter at ei eggcelle og ei sædcelle har smelta saman. Ei befrukta eggcelle vil starte med vanleg celledeling. Det blir eit embryo der alle celler har kopiar av dei same 46 kromosoma. Etter kvart som embryoet veks, blir cellene spesialiserte.

Sidan kjønnsceller aldri deler seg, kan ordet "kjønnscelledeling" verke misvisande.
Det er stamceller i eggstokkar og testiklar som deler seg og dannar kjønnscellene.

Læringsressursar

Krysning og genmodifisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Blodtypebestemmelse

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mitose

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Arv og avl – når to blir éin

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Memory med genetikk og arv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff