1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Krysning og genmodifiseringChevronRight
  5. Forsøk: MitoseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Mitose

Ulike stadier i celledeling. Illustrasjon.

Innleiing

Mitose er ordet som blir brukt om vanleg celledeling. I mitosen blir kroppsceller kopiert sånn at det blir fleire like celler. Resultatet av mitose er to like kroppsceller med nøyaktig same arvemateriale.
Mitose må til for at ein organisme skal vekse, eller for å erstatte øydelagde og slitte celler.
Du skal sjå på eit ferdigpreparat av celledeling i rotspiss av lauk. Her vil du finne celler i fleire ulike fasar av delinga.

Utstyr:

Mikroskop, ferdig preparat av rotspiss frå lauk.

Framgangsmåte:

  1. Mikroskopbilete. Foto.
    Mitose i rotspiss
    Studer preparatet av rota ved minste forstørring og still inn synsfeltet litt over rotspissen. Her finn du celler i ulike fasar av delinga.
  2. Du kan auke forstørringa, stille skarpt på nytt og sjå fleire detaljar.
  3. Finn så mange fasar som du kan. Teikn dei, og skriv kort kva som skjer i dei ulike fasane.

Spørsmål:

  1. Kva slags celler blir danna i mitosen?
  2. Kva hovudskilnad er det mellom mitose og meiose?

Læringsressursar

Krysning og genmodifisering

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Blodtypebestemmelse

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Arv og avl – når to blir éin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Memory med genetikk og arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff