Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. DNA – den genetiske koden dinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Genetisk kode

Det er ingen andre som har dei same gena som deg, med mindre du er ein einegga tvilling! Du er ein unik nykombinasjon av gena frå forfedrane og -mødrene dine.

Hva skal vi med kunnskap om genene? Bioteknologiskolen 3

Du er unik

En mann studerer en DNA-profil. Foto.
DNA-profilen leses ved å se etter likheter i de ulike DNA-prøvene.

Alle gen blir nedarva uforandra, men den store mengda gen (ca. 22 000) som finst i fleire , gjer at kvart individ får ein unik kombinasjon av arveanlegg. Trass i at vi ser store ytre skilnader, er nesten alt DNA heilt likt hos alle menneske.

Dei små forskjellane i DNA er likevel nok til sikker identifisering av ein person. DNA-profil eller DNA-fingeravtrykk blir brukte mellom anna i farskapssaker eller kriminalsaker.

Eit gen er ei oppskrift

Oppskrifta på heile organismen er lagra som DNA-kodar i kvar einaste cellekjerne.
Når det er behov for å lage eit protein, må genet som er oppskrifta for dette proteinet, kopierast. Deretter blir kopien av oppskrifta send ut i cytoplasmaet til ribosoma, der proteina kan bli bygde.

Originalen (DNAet) ligg framleis beskytta inne i kjernen. Han blir halden uforandra og kan kopierast fleire gonger. DNAet er både for stort og for sårbart til å bli transportert inn og ut av kjernemembranen.

Koden vert omsett frå DNA til RNA

Oversikt over kva for triplettar i mRNA som har kode for dei ulike aminosyrene. Tabell.
Genetisk kode – kodon og dei aminosyrene som høyrer til

Når eit gen skal transkriberast, vil DNAet opne seg slik at enzymet RNA-polymerase kan gli langs den eine strengen i DNAet og kople saman nukleotid som skal danne det ferdige mRNAet. U vil då feste seg til A, og C fester seg til G. Når RNA-polymerase kjem til enden av genet (oppskrifta) som skal kopierast, vil mRNA losne.

mRNA er ein kopi av genet som lett kan passere porene i kjernemembranen på veg ut til ribosoma i cytoplasma. Her blir proteina bygde etter kvart som oppskrifta blir tolka.

mRNA er definert som " Den genetiske koden". Den genetiske koden er universell. Det betyr at han er den same i alle levande organismar. For eksempel finst UCU-koden for aminosyra serin i alle organismar.

mRNA

Kopien av genet er ein enkel tråd som blir kalla messenger-RNA (mRNA blir på norsk kalla bodberar-RNA). mRNAet er nesten likt den eine sida i DNA-molekylet (halv stige). Denne omskrivinga frå DNA til mRNA kallar vi transkripsjon.

RNA skil seg frå DNA med at det er enkelttråda, inneheld sukkeret ribose i staden for deoksyribose og basen urasil (U) i staden for tymin (T). Sjå tabell og bilete i lenkjesamlinga.

RNA-struktur. Modell.
Forenklet modell av mRNA
  • Vegen frå DNA til protein går via RNA
  • mRNA er definert som den genetiske koden
  • Ein triplett (kodon) på mRNA er koden for ei bestemt aminosyre

Evolusjon – ein varig kode

Animasjon av utvikling av artar gjennom evolusjon. Foto

Ettersom den genetiske koden finst i alle levande organismar, kan det tolkast slik at evolusjonen ikkje har ført til at betre løysingar har oppstått. Ikkje noko anna system har gitt så store fordelar i konkurransen at det har blitt ført vidare. Den genetiske koden har blitt nedarva gjennom millionar av år og gir oss informasjon om felles opphav og kor nær dei ulike artane er i slekt.

Tabell med genetisk kode

Simulering: Frå DNA til protein

Læringsressursar

DNA – den genetiske koden din

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fiberprotein og runde protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tabell med genetisk kode

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Proteinsyntesen trinn for trinn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historikk: DNA-strukturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva skal vi med kunnskap om genene? Bioteknologiskolen 3

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arv og avl: Når to blir en. Bioteknologiskolen 2

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Video: Fra DNA til protein /Transcription and Translation.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter