Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. DNA – den genetiske koden dinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gen, kromosom og DNA

Gena inneheld informasjon om korleis vi er bygd opp, halden ved like, ser ut og fungerer. Dei fleste organismar arvar to utgåver av kvart gen: eitt frå mor og eitt frå far. Sjølv om alle cellene i kroppen vår har dei same gena, er berre ein liten del av gena aktive i kvar celle.

DNA trinnvis utbrettet fra kompakt kromosom til DNA-tråd. Illustrasjon.

Gen blir slegne av og på

Utsnitt av DNA. Illustrasjon.
Gen: den grunnleggjande eininga for arv. Det kan fleire tusen gen på eit kromosom.
Funksjonen til cella styrer kva slags gen som skal vere aktive. Difor er det berre celler i spyttkjertlane har aktive gen for produksjon av enzym til spyttet. Desse gena er ikkje aktive i nokon andre celler i kroppen. Muskelceller har mellom anna bruk for å produsere fiberprotein, og har derfor heilt andre gen som er aktive.

Alle gen som styrer fosterutviklinga blir "slegne av" etter kvart som stadiet deira er passert. Når barnet er fødd, blir desse gena aldri aktive igjen.

Gen som ikkje skal vere aktive, blir dekte av protein. Ein seier då at gena er "maskerte" eller "slegne av". Gen blir også slegne av og på i same celle etter kva slags protein det er behov for å produsere til ei kvar tid. For eksempel kan påverking frå hormon slå av og på gen. Dette gjeld kortvarig regulering. Andre gonger blir gen slegne av for alltid.

Gena er kodar

Det menneskelege arvematerialet (genomet) består av cirka 22 000 gen. Kroppscellene våre har to sett med gen som er fordelte på 46 kromosom – 23 par kromosom som parvis har gen for dei same eigenskapane.

Nitrogenbasar

DNA-stige. Illustrasjon.
DNA (utsnitt). Ein serie på tre basar (triplett) utgjer eit kodon, som er koden for ei bestemt aminosyre. Nitrogenbasane er feste til sukkerfosfatstrengene.

Sjølve DNA-molekylet liknar ein tvinna taustige der "stigebeina" består av sukker og fosfat, mens "trinna" i stigen består av organiske stoff som blir kalla nitrogenbasar.

Til kvart sukkermolekyl er det bunde ein nitrogenbase. I DNA finst det fire ulike typar nitrogenbasar: adenin (A), tymin (T), guanin (G) og cytosin (C). Nitrogenbasane er bundne saman to og to med hydrogenbindingar.

Det er bestemte basar som høyrer saman. Adenin vil berre binde seg til tymin, og guanin vil alltid binde seg til cytosin.
Basepara C-G og A-T vil dermed danne trinna i stigen.

Rekkjefølgja og utvalet av nitrogenbasane i eit gen bestemmer kva slags aminosyrer som skal byggjast inn i eit protein.
Dette kodesystemet er likt for alle organismar på jorda.

Ulik størrelse
Hittil har ein funne 86 proteinkodande gen på Y-kromosomet, som er det minste, og 2968 gen på kromosom nummer 1, som er det største i mennesket sitt genom.

Gen varierer i storleik frå det minste genet på 150 basar til over 1 million basar.

Læringsressursar

DNA – den genetiske koden din

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fiberprotein og runde protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tabell med genetisk kode

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Proteinsyntesen trinn for trinn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historikk: DNA-strukturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva skal vi med kunnskap om genene? Bioteknologiskolen 3

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arv og avl: Når to blir en. Bioteknologiskolen 2

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Video: Fra DNA til protein /Transcription and Translation.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter