Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. DNA – den genetiske koden dinChevronRight
  5. Fiberprotein og runde proteinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fiberprotein og runde protein

Alle protein består av lange kjeder med aminosyrer. Utvalet og mengda av dei 20 ulike aminosyrene er bestemt av den genetiske koden. Proteina har ingen funksjon før dei er falda ferdig i golgieapparatet. Faldinga blir danna av bindingar mellom dei ulike aminosyrene.

Fiberprotein. Illustrasjon.
Fiberprotein, kollagen

Fiberprotein

Proteina i hår, silke og bindevev, dei såkalla fiberproteina, er fletta som eit tau. Eitt av fiberproteina blir kalla kollagen.

Meir om kollagen på wikipedia.org..

Kollagenfibrer er bygd opp av mange kollagenmolekyler. Illustrasjon.
Kollagenfibrar er bygde opp av mange kollagenmolekyl.

Om lag ein firedel av alle proteina i kroppen er av denne typen. Kollagen dannar fibrar som styrkjer sener, og dannar store elastiske flak (bindevev) som styrkjer hud og indre organ. Kollagen bidreg til å forme kroppen, til å beskytte og støtte mjuke kroppsdelar, og til å binde vev til skjelettet. Bein og tenner er bygde opp av kollagen og kalk. Trass i at kollagen har ei viktig rolle, er oppbygginga nokså enkel til å vere eit protein.

Kollagenmolekylet består av tre polypeptidkjeder som er tvinna saman som eit tau. Det er om lag 1400 aminosyrer i kvar av dei tre polypeptidkjedene. Fleire kollagenmolekyl dannar ein såkalla mikrofibrill, fleire mikrofibrillar dannar ein makrofibrill, og mange makrofibrillar dannar ein kollagenfiber.

Globulære (runde) protein

Hemoglobinmolekyl. Illustrasjon.
Hemoglobin er eit globulært protein som består av fire polypeptidkjeder. Kvart polypeptid har ei hemgruppe med eitt jernatom.
Rubisko. Illustrasjon.
Rubisko. Globulært protein, – enzym i kloroplasten som bind karbondioksid.

I globulære protein er polypeptidkjeda falda vidare, sånn at forma på molekylet blir tilnærma rund. Dei fleste typar protein høyrer til denne gruppa, og eitt av dei er hemoglobin.

Hemoglobin er eit protein i dei raude blodcellene som transporterer oksygen frå lungene til vevet. Det består av fire polypeptidkjeder som ligg kveila inn i kvarandre. Oksygenet bind seg ikkje direkte til proteinet, men til eit jernatom i eit organisk molekyl som blir kalla ei hemgruppe. Hemgruppa er intenst raud, og det er dette molekylet som gir dei raude blodcellene farge.

Rubisko
er eit globulært molekyl som er svært viktig for livet på jorda slik vi kjenner det i dag. Det er berre rubisko som kan binde CO2 frå lufta slik at planter kan byggje glukose under fotosyntesen.

Hemogobinmolekyl som endrer struktur. Illustrasjon.
Animasjon av hemoglobinmolekyl som endrar struktur.

Læringsressursar

DNA – den genetiske koden din

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar