Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. DNA – den genetiske koden dinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – den genetiske koden

Her finn du ein presentasjon og ei oppsummering av nokre hovudpunkt om protein, DNA, RNA, genetisk kode og produksjon av protein.

    Samandrag

  • I cellekjernane finst all den informasjonen som er nødvendig for å lage eit individ. Her finst også all informasjonen som cella treng til vekst og reproduksjon.
  • Informasjonen i cellekjernane finst i trådliknande molekyl som blir kalla DNA.
  • Eit gen er ein bit av eit DNA-molekyl som inneheld ei oppskrift som cellene bruker for å kunne produsere eit bestemt protein.
  • Genet blir kopiert frå DNA til RNA og transportert ut til ribosoma i cytoplasmaet.
  • Ribosom setter sammen aminosyrer til protein. Illustrasjon.
    Produksjonen av protein (proteinsyntesen) skjer på ribosoma i cytoplasmaet.
  • Transportmolekyl fører aminosyrer til ribosomet som set dei saman i riktig rekkjefølgje.
  • Proteina som er laga, avgjer kva som skal skje i cella, og korleis ein organisme blir.
  • Protein består av polypeptidkjeder danna av mange forskjellige typar aminosyrer. Det er rekkjefølgja og utvalet av aminosyrene på polypeptidkjeda som bestemmer korleis ho skal kveile seg opp, og kva slags eigenskapar proteinet skal få.
  • Ei fullt utstrekt polypeptidkjede er utan biologisk aktivitet og er eigentleg ikkje eit protein før ho har blitt falda og fått strukturen sin i golgieapparatet.
  • Sjølv om alle cellene i kroppen vår har dei same gena, er ikkje alle gena aktive i alle celler. Miljøet (behovet) bestemmer kva slags gen som skal vere aktive.
  • Sjølve DNA-molekylet liknar ei vindeltrapp der "trinna" i trappa består av fire nitrogenbasar: adenin (A), guanin (G), cytosin (C) og tymin (T). Nitrogenbasane er bundne saman to og to med hydrogenbindingar.
  • RNA er litt forskjellig frå DNA. RNA er enkelttråda og har basen Urasil (U) i staden for tymin (T).
  • Ulike kombinasjonar av basar blir oppfatta av cella som ulike kodar, og det er kombinasjonen av og talet på desse kodane som utgjer forskjellen på gena.
  • Koden på mRNA-molekylet blir kalla "Den genetiske koden".

Læringsressursar

DNA – den genetiske koden din

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fiberprotein og runde protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tabell med genetisk kode

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Proteinsyntesen trinn for trinn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historikk: DNA-strukturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva skal vi med kunnskap om genene? Bioteknologiskolen 3

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arv og avl: Når to blir en. Bioteknologiskolen 2

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Video: Fra DNA til protein /Transcription and Translation.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter