Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. DNA – den genetiske koden dinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Proteinsyntesen – protein blir produsert

Ribosoma er dei organellene som kan lage protein av oppskrifta på mRNA. Eit ribosom les tre og tre nitrogenbasar og set saman dei aminosyrene som oppskrifta bestemmer. Når oppskrifta er lesen, er det danna ei lang rekkje med aminosyrer, som blir til eit protein når ho er ferdig falda.

Cellekjerne, mRNA, aminosyrer og polypeptidkjede. Illustrasjon.

Oppskrift frå kjernen til cytoplasma

Når mRNAet er ferdig forma, vil det bevege seg ut gjennom porene i kjernemembranen mot ribosoma i cytoplasmaet. Enzymet RNA-polymerase produserer også transport-RNA (tRNA) på same måten som mRNA blir laga.

Ribosom les oppskrifta

I cytoplasmaet vil eitt eller fleire ribosom kople seg til mRNA (oppskrifta). Medan ribosomet glir langs mRMA-tråden og les kodane, vil tRNA (transportmolekylet) bringe dei riktige aminosyrene til ribosomet. Dette skjer fordi det kun er dette eine tRNA-molekylet med riktig antikodon og riktig aminosyre som får feste seg på det ledige setet i ribosomet. Kvart tRNA-molekyl transporterer nemlig kun ein type aminosyre.

Matchande kodar

Med riktig tRNA på plass i ribosomet, vil basane i kodon og antikodon binde seg saman (A mot U og C mot G). Når det er to tRNA-molekyl i ribosomet samtidig, vil ribosomet kople sammen aminosyrene deira og flytte seg eit hakk vidare på mRNA-strengen. Det første tRNAet losnar og er klart til bruk igjen straks det har bunde til seg ei ny aminosyre av same sort. Det er vanlegvis rikelig med tRNA og aminosyrer i cytoplasmaet.

Slik hell ribosomet fram med å kople saman aminosyrene til ei lang polypeptidkjede etter oppskrifta på mRNA. Siste kodon på mRNA er eit STOPP-kodon som frigjer polypeptidkjeda og ribosomet frå mRNAet.

Falding til ferdig protein

Til slutt blir polypeptidet falda saman til eit protein i golgieapparatet. Det er utvalet og rekkjefølgja av aminosyrer som bestemmer korleis det skal falde seg. No vert proteinet aktivt og ferdig til å utføre oppgåva si i eller utanfor cella.

Det minste proteinet er på cirka 50 aminosyrer (insulin), og er derfor laga frå eit gen på 150 nitrogenbasar pluss start- og stoppkodar. Dei fleste protein er mange gonger større.

Prøv ei simulering med oppgåver om proteinfalding .

Ordforklaringar

m-RNA

Messenger-RNA = bodberar-RNA. Det har oppskrift på eit protein.

t-RNA

Transport-RNA fører aminosyrer til ribosomet.
Kvar type tRNA transporterer berre ein type aminosyre. Tre nitrogenbasar på enden kan koplast mot basane i mRNAet.

r-RNA

RNA som finst i ribosoma.

Kodon

Tre og tre basar på mRNA som kodar for ei aminosyre = ein triplett.

Antikodon

Dei tre basane på enden av tRNA som skal passe til kodonet på mRNA.

Triplett

Tre og tre nitrogenbasar.

Polypeptid

Mange aminosyrer bundne saman i kjede. Poly = mange. Når kjelda blir ferdig falda, er det eit protein.

RNA-polymerase

Enzym som deltar i syntesen av mRNA.

Sjå også

Læringsressursar

DNA – den genetiske koden din

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fiberprotein og runde protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tabell med genetisk kode

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Proteinsyntesen trinn for trinn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historikk: DNA-strukturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva skal vi med kunnskap om genene? Bioteknologiskolen 3

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arv og avl: Når to blir en. Bioteknologiskolen 2

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Video: Fra DNA til protein /Transcription and Translation.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter