Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. DNA – den genetiske koden dinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gen er oppskrift på protein

Eit gen er ein bit av eit DNA-molekyl som inneheld oppskrifta på eit bestemt protein. Proteina speler viktige roller mellom anna for oppbygging, forsvar, regulering og transport i kroppen. Dei ulike proteina er avgjerande for korleis eit individ blir.

Forsker fjerne er bit fra et molokyl. Manipulert foto.

Kommunikasjon i ei celle

Ribosom setter sammen aminosyrer til protein. Illustrasjon.
Ribosom koplar saman aminosyrer til ei polypeptidkjede (uferdig protein).

Behov for eit bestemt protein, eller for eksempel signal frå eit hormon, kan få kjernen til å aktivere eit gen og kopiere oppskrifta over til mRNA.

Ved å sende mRNA ut i cytoplasmaet, gir kjernen ribosoma ordre om å produsere dette proteinet. Ribosoma er organellar som ved hjelp av enzym koplar saman aminosyrer til eit protein. Rekkjefølgja av aminosyrene er bestemt av mRNA (oppskrifta som kjem frå kjernen), og tRNA leverer rett aminosyre etter kvart som koden vert "lese" i ribosomet.

Det er proteina som deretter avgjer kva som skal skje i cella, og korleis organismen blir. For eksempel avgjer proteina hårfargen vår, eller kor raske og uthaldande vi kan bli.
Cellekjernen har lagra informasjonen om proteina i trådliknande molekyl som heiter deoksyribonukleinsyre, forkorta: DNA (DeoxyriboNucleic Acid).

Eit gen er ein bit av eit DNA-molekyl som inneheld ei oppskrift på eit protein. Genet vert kopiert til mRNA, sånn at ribosoma kan "lese" oppskrifta når dei set saman aminosyrer til eit protein.

Protein

Tertiærstrukturen. Illustrasjon.
Proteinet pepsin er eit enzym som bryt ned protein i magesekken

I ein menneskekropp er det om lag 100 000 forskjellige protein som alle har bestemte oppgåver å utføre. Protein er nødvendige for oppbygging og vedlikehald av celler og ulike molekyl, som for eksempel hormon og enzym.

Polypeptidkjeder er samansette av mange forskjellige typar aminosyrer. Dei 20 aminosyrene som er byggjesteinar i kroppen vår, har ulike eigenskapar.

Det er rekkjefølgja, ladninga og utvalet av aminosyrer, samt lengda på polypeptidkjeda som bestemmer korleis kjeda skal kveile seg opp. Dette bestemmer kva for eigenskapar proteinet får, og dermed til dømes om håret ditt skal være krøllete eller glatt.

Ei utstrekt polypeptidkjede er utan biologisk aktivitet og eigentleg ikkje eit protein før ho krøllar seg saman til den nye strukturen. Foldinga til ferdig protein skjer hovudsakleg i golgiapparatet.

Prøv ei Simulering om proteinfalding

Eksempel på protein

  • Enzym: framskundar biologiske prosessar
  • Oppbyggingsprotein: protein i cellemembranar, skjelett, hår og neglar
  • Transportprotein: hemoglobin i blodet
  • Protein som sørgjer for rørsle: i musklar, flimmerhår, sædcellehalar med meir
  • Forsvarsprotein: antistoff
  • Reguleringsprotein: nokre hormon
  • Transportprotein i cellemembranar: sørgjer for utskiljing og opptak av bestemte molekyl
  • Lagringsprotein: i korn, mjølk, grønsaker og liknande

Sjå også

Læringsressursar

DNA – den genetiske koden din

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fiberprotein og runde protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tabell med genetisk kode

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Proteinsyntesen trinn for trinn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historikk: DNA-strukturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva skal vi med kunnskap om genene? Bioteknologiskolen 3

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arv og avl: Når to blir en. Bioteknologiskolen 2

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Protein

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Video: Fra DNA til protein /Transcription and Translation.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter