Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Bioteknologi

Bioteknologi omfattar all bruk av levande organismar til å lage nyttige produkt og har allereie vore brukt i fleire tusen år til å lage yoghurt, brød, ost og øl ved hjelp av bakteriar og sopp. No går forskinga svært raskt og gir oss stadig nye moglegheiter både innan landbruk, medisin og industri.

Forskere jobber i moderne laboratorium. Foto.

Genteknologi – bioteknologi med gener som verktøy

Bioteknologi handlar om å forstå korleis cellene fungerer og korleis vi kan utnytte denne kunnskapen til for eksempel å lækje sjukdom, lage betre medisinar eller til å ta betre vare på miljøet.

Etter kvart som vi forstår molekylærbiologien betre, blir stadig nye verktøy og moglegheiter utvikla – kanskje raskare enn vi klarer å få oversikt over moglege konsekvensar for helse og miljø. For å hindre misbruk av dei nye moglegheitene er all bruk av genmodifiserte organismar og kloning av dyr regulert i genteknologilova.

Genteknologilova på Lovdata.no.

Emne

Bioteknologi

  • Dei fleste eigenskapane våre blir bestemt både av kva for gener vi har, og kva slags miljø vi veks opp og lever i.

  • Vi kan avle fram plantar og dyr med eigenskapar vi ønsker ved hjelp av krysning. Med genmodifisering kan vi endre på gena til ein organisme.

  • Moderne bioteknologi har gitt oss ny kunnskap om årsaker til sjukdom, og korleis sjukdom betre kan førebyggast og behandlast.

  • Moderne genteknologi gir oss mange moglegheiter til å kurere sjukdom, løyse miljøproblem og sørgje for mat til den veksande befolkninga i verda.