Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Bioteknologi

Forskere jobber i moderne laboratorium. Foto.

Bioteknologi omfattar all bruk av levande organismar til å lage nyttige produkt og har allereie vore brukt i fleire tusen år til å lage yoghurt, brød, ost og øl ved hjelp av bakteriar og sopp. No går forskinga svært raskt og gir oss stadig nye moglegheiter både innan landbruk, medisin og industri.

Genteknologi – bioteknologi med gener som verktøy

Bioteknologi handlar om å forstå korleis cellene fungerer og korleis vi kan utnytte denne kunnskapen til for eksempel å lækje sjukdom, lage betre medisinar eller til å ta betre vare på miljøet.

Etter kvart som vi forstår molekylærbiologien betre, blir stadig nye verktøy og moglegheiter utvikla – kanskje raskare enn vi klarer å få oversikt over moglege konsekvensar for helse og miljø. For å hindre misbruk av dei nye moglegheitene er all bruk av genmodifiserte organismar og kloning av dyr regulert i Genteknologiloven.

Emner

Bioteknologi

  • DNA – den genetiske koden din

    Gena har oppskrifta på korleis proteina i kroppen skal byggjast. Alle gena er samla i DNA-molekylet.

  • Arv og miljø avgjør kven vi er

    Dei fleste eigenskapane våre blir bestemt både av kva for gener vi har, og kva slags miljø vi veks opp og lever i.

  • Krysning og genmodifisering

    Vi kan avle fram plantar og dyr med eigenskapar vi ønsker ved hjelp av krysning. Med genmodifisering kan vi endre på gena til ein organisme.

  • Medisinsk bruk av bioteknologi

    Moderne bioteknologi har gitt oss ny kunnskap om årsaker til sjukdom, og korleis sjukdom betre kan førebyggast og behandlast.

  • Etikk og bioteknologi

    Moderne genteknologi gir oss mange moglegheiter til å kurere sjukdom, løyse miljøproblem og sørgje for mat til den veksande befolkninga i verda.