Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Grunnleggjande om energiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ikkje-fornybare energikjelder

Dei fossile energikjeldene er opphavleg organisk materiale som er fanga i sedimentære bergartar og danna om i jordskorpa under høgt trykk og høg temperatur.

Råolje

Råolje er eit fellesnamn for dei hydrokarbona vi finn i flytande form i jordskorpa. Råolja blir vidareforedla i raffineri til bensin, parafin, diesel og tungolje. Restproduktet etter raffineringa er asfalt, ei samling av hydrokarbon med upraktisk høgt smeltepunkt.

Ein går ut frå at med utvinningstempoet i dag, forbruk og nye funn vil oljereservane vere tømde om omtrent 42 år.[1]

Gass

Naturgass er eit fellesnamn på dei hydrokarbona vi finn i gassfase i jordskorpa, mesteparten i form av metangass.

I store delar av den vestlege verda er det bygd ut infrastruktur for gassdistribusjon til private heimar der gassen blir brukt til oppvarming.

Med utvinningstempoet i dag, forbruk og nye funn vil gassreservane vere tømde om cirka 63 år.[2]

Kol

Kol er eit fellesnamn på brennbare sedimentære bergartar som stort sett består av karbon og har innslag av svovel, hydrogen, oksygen og nitrogen.

På verdsbasis står varmekraftverk fyrt med kol for den største delen av elektrisitetsproduksjonen.

Ein reknar med at det vil ta minst 150 år før påviste drivverdige kolførekomstar er brukte opp.

Ukonvensjonelle fossile energikjelder

Oljesand er ei blanding av sand eller leire og . Oljesand har tidlegare ikkje vore drivverdig som energikjelde, men høgare energiprisar har gjort oljesand økonomisk drivverdig.

Oljeskifer er ein sedimentær bergart som det er mogleg å utvinne hydrokarbon frå. På same måten som for oljesand har aukande energiprisar gjort oljeskifer drivverdig som energikjelde.

Det er knytt stor skepsis til utvinning av olje frå oljesand og oljeskifer fordi det krev enorme energimengder. For å produsere 1 liter olje går det med ti gonger meir energi frå oljesand enn frå Nordsjøen [3]

Metanhydrat er ei spesiell form for is som finst i permafrost og på store havdjup. Per i dag finst det ikkje metodar som gjer metanhydratførekomstar drivverdige, men dette kan vere ein av fleire aktuelle fossile energikjelder i framtida.

Kjerneenergi

Det er to kjerneprosessar som kan utnyttast til elektrisitetsproduksjon: fisjon og fusjon.

Fisjon

Når tunge ustabile atomkjernar blir spalta i éin eller fleire dotterkjernar, blir noko masse danna om til energi (etter Einstein sin berømte E = mc2). Denne prosessen kan kontrollerast og utnyttast i ein reaktor der energien kan utnyttast i form av varme, som igjen kan brukast til elektrisitetsproduksjon. Per i dag er det uranisotopen 235U som blir nytta i kjernereaktorar. Berre ein liten del av denne igjen blir utnytta i reaktoren. Men det er mogleg å lage reaktorar som produserer meir fisjonabelt materiale enn dei forbruker (breeder). Det er med god grunn knytt skepsis til slike reaktorar då dei òg eignar seg svært godt til å produsere fisjonabelt materiale for atomvåpen.

Fusjon

Når lette kjernar blir slegne saman til nye, vil noko masse bli omdanna til energi. På sola er det hydrogenkjernar som fusjonerer til heliumkjernar. Denne forma for kjerneenergi representerer ein tryggare form for kjerneenergi. Ein har ikkje lykkast å demonstrere fusjon i meir enn brøkdelar av eit sekund, men det er stor forskingsinnsats på området. Lykkast forskarane med å utvikle fusjonskraftverk, har menneskja løyst både energikriser og klimakriser for framtida.

  1. 1«Statistical Review of World Energy 2009». BP. 2009.
  2. 2«Statistical Review of World Energy 2009». BP. 2009.
  3. 3«Dirty Oil: How the tar sands are fueling the global climate crisis». Andrew Nikoforuk. 2009.

Læringsressursar

Grunnleggjande om energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Straum, spenning og motstand

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arbeid, energi og effekt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fornybare energikjelder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for fagstoff.