1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Grunnleggjande om energiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Grunnleggjande om energi

Repetér omgrep om energi og legg grunnlaget for å jobbe vidare med energi for framtida.

Vi har god tilgang på energi

I Noreg er vi kjende for høge fjell og djupe dalar som er eit utmerkt utgangspunkt for vasskraft. På slutten av 1960-talet fann vi olje på norsk sokkel. Det har gjort oss til ein av dei rikaste nasjonane i verda. Mens vasskraft er ei energikjelde som er nokså miljøvennleg, er bruk av fossilt brensel svært forureinande.

Energibehovet i verda er sterkt veksande. Dei ikkje-fornybare energikjeldene er ein avgrensa ressurs, og vi må derfor sjå oss om etter alternative energikjelder som kan dekkje dette behovet samtidig som dei er meir miljøvennlege.

Sola er nøkkelen til framtida

Sola er hovudenergikjelda vår. Ho er drivkrafta til vasskretsløpet, til vind og bølgjer som vi igjen kan utnytte til å produsere elektrisk energi. Men solstrålane kan utnyttast direkte via solfangarar som gir for eksempel varmt vatn, eller i solceller som formar solenergien om til elektrisk energi. Solenergien er òg grunnlaget for energiressursen som ligg i biomasse.

Kjemiske reaksjonar gir elektrisk energi i batteri og brenselceller, og hydrogen kan utnyttast som ein energiberar.

Her kan du repetere stoff om arbeid, energi og effekt, og friske opp kunnskapane dine om elektrisitet, fornybare- og ikke-fornybare energikilder.

Læringsressursar

Grunnleggjande om energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Straum, spenning og motstand

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arbeid, energi og effekt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ikkje-fornybare energikjelder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fornybare energikjelder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for fagstoff.