Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Varmepumper – overføring av varmeChevronRight
  5. Bruksområde for varmepumperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruksområde for varmepumper

Vi brukar varmepumper til oppvarming i privathushald og i industrien. Det finst ulike måtar å hente varme frå omgivnadene på: luft, vatn og jord er nokre døme. Varmepumper blir òg nytta i kjøleskap og frysarar.

To menn installerer varmepumper. Foto.

Til oppvarming og nedkjøling

Når vi snakkar om varmepumper, tenkjer vi først og fremst på den typen som blir nytta til oppvarming. I 2004 hadde 3 % av norske hushald ei slik varmepumpe. I 2012 hadde dette stige til 21 %. Bruk av varmepumpeteknologi til nedkjøling har vore vanleg i Noreg sidan 1960-talet. I kjøleskap nyttar vi ei varmepumpe til å frakte varme frå innsida av kjøleskapet, og ut på baksida. Dermed blir temperaturen inne i kjøleskapet halden låg, slik at matvarene i kjøleskapet held seg lenger.

Ulike typar varmepumper brukt til oppvarming

Energioverføringane i ei varmepumpe kan skje på ulike måtar.

Frå luft til luft

Hus med luft til luft varmepumpe. Illustrasjon.

I store delar av året har vi i Noreg høge nok temperaturar til at det er mogleg å hente varme frå uteluft til bruk i oppvarminga. På same måten som når ein hentar varme frå vatn, er det mogleg å gi frå seg varme til luft eller vatn. Varmepumper kan òg køyrast i motsett retning slik at dei blir brukte til å kjøle ned bustader i varme årstider. Dei varmepumpene som hentar og gir frå seg varme frå luft til luft, er særleg godt eigna til dette. Ein skal vere klar over at når varmepumper blir nytta til nedkjøling, brukar dei meir energi enn det som er ønskt forsvarleg energibruk.

Frå vatn til luft

Hus med sjøvannsvarmepumpe. Illustrasjon.

Varmen kan vi hente frå elver, hav, innsjøar eller frå grunnvatn. Ved å bore hol i grunnen er det mogleg å hente opp varmt vatn derifrå. Varmen kan nyttast til å varme opp luft eller vatn. Det finst mange bustader i Noreg som nyttar jordvarme til oppvarming ved hjelp av varmepumper.

Læringsressursar

Varmepumper – overføring av varme