Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Varmepumper – overføring av varmeChevronRight
  5. Varme, temperatur og trykkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Varme, temperatur og trykk

Til dagleg brukar vi orda varme og temperatur om einannan. Det er ofte heilt uproblematisk, men er varme og temperatur det same?

Varme – energi frå ein stad til ein annan

I daglegspråket kan ordet varme tyde ulike ting. Når oppskrifta seier at vi skal steikje biff ved sterk varme, er nok meininga at temperaturen i steikjepanna skal vere høg. Ein sommardag les vi i avisa at varmen er kommen. Det kan uttrykkje at vi får ein periode med høg temperatur.

I naturfag brukar vi denne definisjonen på varme:

Varme er energi som blir overført frå ein gjenstand med høg temperatur, til ein gjenstand med lågare temperatur.

Temperatur – molekyl i rørsle og trykk

Fordi varmt og kaldt tyder høg og låg temperatur, er det lett å forveksle omgrepa temperatur og varme. Sjølv om dei ikkje betyr det same, er det ein nær samanheng mellom temperaturen i eit stoff og til molekyla i stoffet, dei er storleikar.

Høg temperatur gir kraftige molekylrørsler med høg rørsleenergi. Låg temperatur fører til lågare rørsleenergi for molekyla.

Samtidig spelar trykket ei rolle. Høgt trykk inneber at vi har fleire molekyl i det same volumet enn når det er lågt trykk. Såleis er opplevd temperatur avhengig av både rørsleenergien til molekyla og trykket.

Temperatur er avhengig av både rørsleenergien til molekyla og trykk.

Læringsressursar

Varmepumper – overføring av varme