Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Varmepumper – overføring av varmeChevronRight
  5. Korleis verkar ei varmepumpe?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis verkar ei varmepumpe?

Ei varmepumpe pumpar varme frå omgivnadene, og inn i til dømes stova di. Korleis er det mogleg?

Kuldemediet kokar i kuldegrader

Stoffet som blir drive gjennom det lukka røyrsystemet i ei varmepumpe, kallar vi gjerne for eit eller arbeidsmedium. Det er eit stoff som har lågt kokepunkt ved normalt trykk. Det vil seie at stoffet kokar og fordampar ved ganske låge temperaturar. Kuldemedia er ofte blandingar av ulike stoff. Nokon av stoffa blir no fasa ut, fordi dei bryt ned ozonlaget og medverkar til at drivhuseffekten aukar.

Eit kjøleskap fungerer i prinsippet på same måte som varmepumpa vi har i stova. I kjøleskapet blir energi frå maten vi set inn i kjøleskapet, frakta ut på baksida av kjøleskapet. Her kan du kjenne energien som varme.

Læringsressursar

Varmepumper – overføring av varme