Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Varmepumper – overføring av varmeChevronRight
  5. Kor effektiv er varmepumpa?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kor effektiv er varmepumpa?

Varme frå lufta ute, frå sjøen eller nede i bakken gjer at væska i ei varmepumpe kan fordampe. Denne energien er gratis. For å drive pumpa må vi tilføre straum. Kor mykje straum vi må tilføre, samanlikna med den energien vi får ut, seier noko om kor effektiv varmepumpa er.

Varmefaktor er eit mål på effektiviteten

Vi brukar ofte omgrepet verknadsgrad for å seie noko om kor effektivt energi blir overført. Dersom 40 % av energien som kjem inn i eit system, kan brukast til det han var tenkt til, seier vi at verknadsgraden er 40 %.

Når vi kjøper ei varmepumpe, er det meir interessant å vurdere det vi kallar varmefaktor eller COP (coefficient of performance). For å ta omsyn til at varmefaktoren varierer gjennom året, nyttar vi gjerne årsvarmefaktor eller SCOP (seasonal coefficient of performance). Årsvarmefaktoren gir eit rettare bilete av effektiviteten til varmepumpa på årsbasis.

Lat oss sjå på eit døme. I ei varmepumpe blir det tilført elektrisk energi som svarar til 1 kW. Varmepumpa leverer 4 kW til innsida av huset:

Varmefaktor (COP)=Effekt til inneluftaEffekt tilført frå straumnettet=41=4

Denne varmepumpa har ein varmefaktor på 4.

Læringsressursar

Varmepumper – overføring av varme