Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Varmepumper – overføring av varmeChevronRight
  5. Samanhengen mellom varme, temperatur og trykkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Simulering

Samanhengen mellom varme, temperatur og trykk

Bruk simuleringa til å undersøkje samanhengar mellom varme, trykk og temperatur.

Aggregattilstandar

Gå til “Tilstandar”

Prøv ut dei ulike innstillingane i denne simuleringa, og prøv å svare på spørsmåla.

  1. Beskriv kva som skjer med partiklane når du tilfører varme til behaldaren.
  2. Kva skjer med temperaturen når du tilfører varme til behaldaren?
  3. Ut i frå det du har observert, kva er samanhengen mellom varme, temperatur og rørsle hos partiklane?
  4. Beskriv korleis atom og molekyl rører seg i dei ulike fasane (aggregattilstandane). Forklar.

Gå til “Faseendringar”

Prøv ut dei ulike innstillingane i denne simuleringa, og prøv å svare på spørsmåla.

  1. Kva skjer med trykket i behaldaren når du presser ned lokket med fingeren? Korleis påverkar dette temperaturen i behaldaren?
  2. Beskriv rørsla til atoma/molekyla i behaldaren.
  3. Korleis kan ein auke temperaturen i ein behaldar, utan å tilføre varme?
  4. Forsøk å senke trykket i behaldaren, utan å røre på fingeren eller bruke sykkelpumpa. Kva gjer du?

Læringsressursar

Varmepumper – overføring av varme