Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Hydrogen – energi for framtida?ChevronRight
  5. Samandrag – Hydrogen som energiberarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Hydrogen som energiberar

Rakett med bakflamme skrått på vei oppover. Foto.
  • er det vanlegaste grunnstoffet i universet. Det speler hovudrolla ved frigjering av energi på sola og i andre stjerner, men hydrogenet finst ikkje fritt på jorda.
  • Hydrogen kan framstillast av sink og saltsyre i laboratoriet, i større målestokk ved elektrolyse av vatn, av naturgass eller ved gassifisering av biomasse, men det krev energi. Vi får tilbake energien ved å la hydrogen reagere med oksygen til vatn.
  • Ei energikjede omfattar alle ledda frå ei energikjelde (for eksempel sola) og fram til leddet som skal bruke energien.
  • Vi har ei energioverføring når energien går frå eitt ledd til eit anna i ei energikjede.
  • Ein er det vi bruker for å flytte energi frå eitt ledd til eit anna i ei energikjede. Elektrisk straum, varmt vatn, bensin og hydrogen er eksempel på energiberarar.
  • Hydrogen er energiberaren som flytter energien frå det leddet der hydrogen blir framstilt, til det leddet der energien blir brukt – som kan vere eit romfartøy, eit hydrogendrive energiverk, ein hydrogendriven motor eller ei brenselcelle.
  • Hydrogen bør pakkast saman til eit lite volum og lagrast slik at gassen er enkel å bruke som energiberar. Det kan skje i samanpakka form under høgt trykk i ein trykktank, i flytande form eller i fast form som metallhydrid.
  • Siste leddet i energikjeda med hydrogen som energiberar gjeld frigjering av energi frå reaksjonen 2 H2 + O2 → 2 H2O
  • Ei brenselcelle er ei form for galvanisk element med gasselektrodar.
  • I ei brenselcelle kan vi få elektrisitet ved at til dømes hydrogengass gjer ifrå seg elekton til oksygengass. Det blir også danna vatn i denne reaksjonen.

Læringsressursar

Hydrogen – energi for framtida?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Hydrogen som energiberar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Hydrogen som energiberar – Energikjede

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff