Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Hydrogen – energi for framtida?ChevronRight
  5. Hydrogen – lett og energirikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hydrogen – lett og energirik

Hydrogengass er den lettaste av gassane, og frigjev mykje energi når han vert forbrunne.

(H2) er den lettaste gassen av alle. Han var derfor høveleg å bruke i luftskip. Luftskip med store volum fekk dermed ei oppdrift som gjorde at dei kunne halde seg svevande. Tidleg på 1900-talet blei hydrogen brukt i fleire luftskip som gjekk i faste ruteflygingar, det gjaldt òg flygingar over Atlanterhavet mellom Europa og Amerika.

Saman med luft eller oksygen er gassen svært eksplosjonsfarleg. Sjølv når vi tenner på ei blanding av hydrogen og luft (med 20 % oksygen) i eit lite reagensrør, høyrer vi skarpe "bjeff".

Men samanlikna med knallgasseksplosjonen og flammane som steig opp frå luftskipet "Hindenburg" i 1937 då det skulle fortøyast, er dette for ingenting å rekne. Statisk elektrisitet i duken som omgav luftskipet, skapte ein gneiste som sette fyr på hydrogengassen og resten av luftskipet. 36 personar miste livet, mellom andre ein av bakkemannskapet.

Romferferga Challenger skytes opp. Foto.

Ein annan gigantisk knallgasseksplosjon skjedde 28. januar 1986. Litt over eitt minutt etter oppskytinga eksploderte den ytre tanken på romferja "Challenger", og alle sju astronautane om bord miste livet. Den ytre tanken inneheldt flytande oksygen og hydrogen for å drive hovudmotorane til romferja.

Historia har vist at når uhellet først er ute med store mengder hydrogengass, går det verkeleg gale. Men dette er sjeldne enkelthendingar. Likevel er det viktig at vi har respekt for dei kolossale mengdene med kjemisk energi som finst i blandinga av hydrogen og oksygen. Til no har denne energien stort sett vore utnytta til rakettdrift, men i dag er han i ferd med å avløyse forureinande energikjelder som baserer seg på .

Eksplosjonsfaren minkar monaleg om vi heller lagar ei blanding av hydrogen og luft som erstattar blandinga av hydrogen og reint oksygen. Forsøk viser at vi då må opp i nærare 10 prosent hydrogen i lufta før ein gneiste kan setje fyr på gassblandinga. Bensin- eller dieseldamp i luft er vel så eksplosjonsfarleg, dette gjeld når det er snakk om mindre konsentrasjonar òg.

Fordi hydrogen er så lett (har liten massetettleik), vil jamvel store utslepp bli fortynna til ufarlege konsentrasjonar på nokre få minutt. Ein hydrogenbrann i ein bil er derfor over på atskilleg kortare tid enn tilfellet er med ein bensinbrann. Det er derfor grunn til å tru at vi skal kunne handtere hydrogen som drivstoff i bilar eller i hydrogendrivne energiverk like trygt som dei andre drivstoffa vi bruker i dag.

Læringsressursar

Hydrogen – energi for framtida?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Hydrogen som energiberar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Hydrogen som energiberar – Energikjede

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff