1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Hydrogen – energi for framtida?ChevronRight
  5. Lagring og bruk av hydrogenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lagring og bruk av hydrogen

Fordi hydrogen har så liten massetettleik, skal det ikkje mykje til før volumet blir upraktisk stort. Det finst fleire måtar å lagre hydrogen på.

Røde gassholdere står på rekke. Foto.

Gassen må pakkast saman til eit mindre volum

Utfordringa med som ligg i å pakke gassen saman til eit mindre volum, slik at gassen kan få plass i ein vanleg bil. Det kan vi gjere på tre måtar:

  • Hydrogen blir pakka saman (komprimert) til høgt trykk og lagra i ein trykktank.
  • Hydrogen blir kjølt ned til det blir flytande, og lagra flytande i ein godt isolert tank.
  • Hydrogen blir lagra i eit anna stoff.

Korleis vi pakkar saman og lagrar hydrogen, heng saman med om lageret skal stå som fast installasjon på bakken, eller om hydrogenet skal vere i ein bil eller ein buss. Som fast lagerplass på bakken er det ikkje noko i vegen for å bruke store og tunge trykktankar. Men dersom hydrogenlageret skal monterast i bil, er dimensjonen på lageret viktig. I bilar er det ikkje plass til stort større hydrogenlager enn det ein vanleg bensintank rommar.

Skal hydrogenbilen konkurrere med ein bensinbil, bør hydrogentanken innehalde nok hydrogen til ei køyrestrekning på rundt 500 km. I tillegg må det finnast hydrogenstasjonar langs vegnettet, der bilistane på ein trygg måte kan få fylt opp nytt hydrogen. Hydrogen kan fraktast til bensinstasjonane med spesialbygde tankbilar. Men for å sleppe å transportere hydrogenet over lange strekningar frå hovudproduksjonsstadene kan hydrogenet framstillast i mindre mengder ved bensinstasjonane.

På grunn av storleiken til hydrogengassmolekylet er det umogleg å lage ein tett tank for oppbevaring av hydrogen. Molekylet er så lite at det trengjer gjennom sjølv dei tjukkaste tankveggene, men det tek så lang tid for molekyla å leke ut at det har lite å seie i praktisk samanheng.

Hydrogen blir forma om til nyttig arbeid

Når hydrogen som energiberar er kome til vegs ende, skal hydrogenet formast om til nyttig arbeid ved hjelp av oksygen. Det skjer alltid ved at det blir frigjort kjemisk energi frå reaksjonen:

2 H2 + O2 → 2 H2O

Reaksjonen kan gå føre seg i

  • eit apparat som brenner hydrogen for å produsere varmeenergi i industrien
  • ein hydrogendriven forbrenningsmotor i eit køyretøy
  • eit hydrogendrive energiverk som produserer elektrisk straum
  • ei brenselcelle som produserer elektrisk straum i eit romfartøy eller til ein elektromotor i eit køyretøy

Læringsressursar

Hydrogen – energi for framtida?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Hydrogen som energiberar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Hydrogen som energiberar – Energikjede

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff