1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Hydrogen – energi for framtida?ChevronRight
  5. Hydrogen som energiberarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hydrogen som energiberar

Energiberarar er energiressursar som kan fraktast frå ein stad til ein annan. Hydrogen og straum er energiberarar som må framstellast. Olje og gass finst som energikjelder og kan brukast direkte.

Semi-trailer med blått førerhus i bygate. Foto.

Kva betyr det at hydrogen er ein energiberar?

Hydrogengass finst ikkje naturleg i store mengder på jorda. Gassen må framstillast før vi kan bruke han. Derfor kallar vi ikkje hydrogen ei , men ein . Det er håp om at hydrogen vil spele ei viktig rolle i berekraftige energisystem i framtida.

kan framstillast på fleire måtar. Rennande vatn, solceller, fossilt brensel eller biomasse er energikjelder som vi kan bruke til å framstille hydrogen. Hydrogen er energiberaren som flytter energien frå desse kjeldene til eit hydrogendrive energiverk, ein hydrogendriven motor eller ei brenselcelle. Når energien går frå eitt ledd i energikjeda til eit anna, har vi ei energioverføring.

Vi har fleire energiberarar – hydrogen er ein av dei

I energisamfunnet vi lever i i dag, har hydrogen ennå ikkje nokon plass som ein kommersiell . Dei fossile energikjeldene/energiberarane og elektrisitet står for det meste av energitransporten.

Læringsressursar

Hydrogen – energi for framtida?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Hydrogen som energiberar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Hydrogen som energiberar – Energikjede

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff