1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Hydrogen – energi for framtida?ChevronRight
  5. Forsøk: Hydrogen som energiberar – EnergikjedeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Hydrogen som energiberar – Energikjede

Forsøk av energikjede fra solcelle til motor. Illustrasjon.
Formål

Vi skal sette saman og studere energikjeda frå solcelle til elektrolysecelle til brenselcelle og til motor med propell.

Innleiing

Energikjeda omfattar ledda som er vist på figuren. Elektrolysecella treng berre påfyll av destillert vatn. Iona som transporterer straumen, kjem frå den protonleiande membranen mellom elektrodane. (Dersom skulen berre har eitt sett av energikjeda, kan eksperimentet gjerast som ein elevdemonstrasjon.)

Utstyr

Solcelle, elektrolysecelle, brenselcelle
Motor med propell
Voltmeter, amperemeter
Destillert vatn
Lyskjelde (lampe med 100 W eller mer)
Treflis, fyrstikker.

Framgangsmåte

  1. Set saman solcella og elektrolysecella. Bruk anten sollys eller ei kraftig lampe til å produsere straum til spaltinga av vatnet.
    Skriv reaksjonslikninga for det som skjer i elektrolysecella.
    Kva for energiformer og energiovergangar er det i denne energikjeda? Er det nokon energiberar her?
  2. La elektrolysen gå med lause slangar.
    Korleis vil du finne ut kva som er hydrogen, og kva som er oksygen av gassane?
    La gassane få strøyme nokre sekund inn i kvart sitt reagensrør og fjern deretter slangane. Hugs at hydrogen er «lettare» enn luft.
  3. Saml opp nokre kubikkcentimeter av kvar av gassane i elektrolysecella. Les av gassvoluma.
    Korfor er det avlesne forholdet mellom voluma litt større enn venta?
  4. Når det er samla opp tilstrekkeleg med hydrogen og oksygen i elektrolysecella, kan du kople frå solcella og lyskjelda. Kopl så slangane til brenselcella og leidningane til motoren med propell.
    Kva skjer?
    Kva for energiformer og energiovergangar er det i denne energikjeda? Kva er energiberaren her? (Alternativt kan alle fire ledda vere kopla saman samstundes, sjå figuren.)
  5. Mål spenninga over brenselcella og deretter straumen gjennom cella (still universalinstrumentet inn på milliampere). Gjer begge målingane mens propellen roterer.
    Kva blir resultatet?
    Effekten som brenselcella leverer, er lik produktet av spenning og straum. Med einingar får vi watt = volt ? ampere.
    Kor stor effekt (kor mange watt) leverer brenselcella?

Læringsressursar

Hydrogen – energi for framtida?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Hydrogen som energiberar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff