1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Biomasse – energi frå fotosyntesenChevronRight
  5. Bioenergi ved høg temperaturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bioenergi ved høg temperatur

Når foredlinga av biomasse endar med at dei organiske stoffa i massen blir spalta som følgje av ei kraftig oppvarming, kallar vi det termokjemisk omforming.

Glødende trekull. Foto.

Pyrolyse – oppvarming utan oksygen

Trekol blir framstilt ved at vi varmar opp tre utan tilførsel av oksygen. Det er eksempel på ein prosess som vi kallar (av gresk pyr, som tyder "eld", og lysis, som tyder "løyse") eller tørrdestillasjon. I tillegg til trekol, vassdamp og bioolje (òg kalla pyrolyseolje eller tjøre) blir det ved pyrolyse utvikla ei brennbar gassblanding av metan (CH4), propan (C3H8), karbonmonoksid (CO) og dessutan hydrogen (H2). Karbonmonoksid (kolos) er ein svært giftig gass.

Bioolje har til alle tider vore eit viktig biprodukt ved pyrolyse av tre, men då under namnet tretjøre. Tretjøra har vore brukt til impregnering av treverk heilt sidan jernalderen og blir framleis brukt til det i fleire land. Ulempa er at tretjøre inneheld ein del giftige hydrokarbon (polysykliske aromatiske hydrokarbon).

Gassifisering – framstilling av gass

Gassifisering er, som namnet vitnar om, ein prosess som går ut på å varme opp biomasse til høg temperatur for å framstille brennbare gassar. Biogassen som blir danna, blir dels brukt til brensel, og dels til framstilling av hydrogen.

Gassifisering til framstilling av hydrogen

Gassifisering av biomasse blir òg brukt til å framstille hydrogen. Hydrogen og metan høyrer til dei gassane som blir utvikla ved prosessen. For å auke produksjonen av hydrogen, blir òg metandelen i biogassen forma om til hydrogen. Det skjer ved hjelp av vassdamp. Dette er den same reaksjonen som blir nytta til kommersiell hydrogenproduksjon frå naturgass. Ei forenkla reaksjonslikning er:

CH4 + 2 H2O → CO2 + 4 H2

Læringsressursar

Biomasse – energi frå fotosyntesen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved hjelp av mikroorganismar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter