Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Biomasse – energi frå fotosyntesenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Biomasse som energikjelde

Furutømmer med trær bak. Foto
  • Biomasse er tre og planter, men òg organisk avfall frå hushald, landbruk og industri. Energien som ligg lagra i biomassen, er opphavleg fanga inn frå solstrålinga gjennom fotosyntesen.
  • Fotosyntese og forbrenning av biomasse kan oppfattast som to motsette prosessar. Solenergien som driv fotosyntesen, får vi tilbake som varmeenergi under forbrenninga.
  • Karbondioksid som går ut i atmosfæren ved forbrenning av biomasse, kan bindast i fotosyntesen når planter veks, slik at CO2-innhaldet i atmosfæren held seg konstant.
  • Biomasse kan brukast ubehandla, som foredla fast eller som foredla flytande.
  • Ved biokjemisk omforming av biomasse til energi blir dei organiske stoffa i biomassen brotne ned av mikroorganismar. I søppelfyllingar blir det utvikla metan, som blir brukt som nyttig brensel.
  • Ved termokjemisk omforming av biomasse til energi blir dei organiske stoffa i biomassen spalta som følgje av kraftig oppvarming.
  • Ved pyrolyse blir biomassen varma opp utan tilførsel av oksygen, og det utviklar seg ei brennbar gassblanding. I tillegg får vi trekol, vassdamp og bioolje (tjøre).
  • Ved gassifisering blir biomassen varma opp til høg temperatur med tilførsel av luft for å framstille brennbare gassar (biogass).
  • Biogass består av brennbare gassar (CH4 og CO2). Biogass blir dels brukt til brensel og dels til framstilling av hydrogen.

Læringsressursar

Biomasse – energi frå fotosyntesen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved høg temperatur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved hjelp av mikroorganismar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter