Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Biomasse – energi frå fotosyntesenChevronRight
  5. Biomasse gjer bioenergiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Biomasse gjer bioenergi

Bioenergi stammar frå materiale som har vore levande. Energikjeldene kan for eksempel vere ved til oppvarming eller biodiesel frå planteoljar.

Frå ved til hydrogen

Brenning av trevirke er den eldste forma for energi som mennesket har brukt. I dag blir biomasse fortsatt utnytta på tradisjonell måte, men den blir også omdanna til drivstoff som biodiesel og hydrogen.

Bioenergi til oppvarming

Uforedla bioenergi – ved og flis

I Noreg, og mange andre land i verda, er det fortsatt vanleg å bruke biomasse i form av ved til oppvarming. I land der elektrisitet og fossile energikjelder er lite tilgjengelege, er ved eller tørka avføring frå husdyr ofte det einaste alternativet for oppvarming av mat.

Eksempel på ubehandla biomasse er ved, flis, husdyrgjødsel og torv.

Foredla bioenergi – pellet og trekol

Om vi tilverkar biomassen, får vi produkt med høgare energitettleik. Det gjer både frakt og lagring meir effektivt – i tillegg til at produktet blir meir nyttig. Ulempa med foredla biobrensel er at det er noko dyrare enn ubehandla biomasse.

Eksempel på foredla fast biomasse er pellet og trekol.

Bioenergi som drivstoff

Foredla biomasse som bioetanol og biodiesel blir brukt til å drive forbrenningsmotorar i køyretøy. I 2017 utgjorde delen biodrivstoff som blei brukt i Noreg nesten 20 %. Halvparten av biodrivstoffet kom frå palmeolje. I Sverige sel mange bensinstasjonar E85, ei blanding med 85 prosent etanol og 15 prosent bensin. Storparten av bioetanolen kjem frå sukkerrøyrproduksjon i Brasil.

Konvensjonelt biodrivstoff frå landbruksvekstar

I det ein kallar konvensjonelt eller førstegenereasjons biodrivstoff, bruker ein landbruksvekstar til å lage biodiesel, bioetanol eller biogass. Vekstane kan også bli brukt til mat og dyrefôr.

Avansert biodrivstoff med mikroorganismar og enzym

I avansert eller andregenerasjons produksjon av biodrivstoff blir det brukt restar fra andre prosessar. Slakteavfall kan bli til biogass og brukt frityrolje kan bli til biodiesel. Enzym kan bryte ned cellulose i tømmer og hogstavfall til sukker, og blir omdanna til for eksempel bioetanol.

Ein kan også bruke planter i havet for å produsere biodrivstoff. Dette blir kalla tredjegenerasjons biodrivstoff. Så lenge vi ikkje et tang og tare, konkurrerer ikkje dette med areal til matproduksjon, men kostnadane ved produksjon er høge, og tareskogane er viktige oppvekstmiljø for fisk.

Læringsressursar

Biomasse – energi frå fotosyntesen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved høg temperatur

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved hjelp av mikroorganismar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter