1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Biomasse – energi frå fotosyntesenChevronRight
  5. Bioenergi – ein energiberar for framtida?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bioenergi – ein energiberar for framtida?

Biomasse som energikjelde og energiberar blir ofte omtalt som CO2-nøytralt og miljøvenleg. Slike utsegner er ikkje nødvendigvis usanne, men det er ein del faktorar som påverkar kor miljøvenleg det er.

"Biodrivstoff erstattar fossilt brensel"

Viss vi bruker biodrivstoff til å erstatte fossile brensel som bensin og diesel, vil CO2-utsleppa på sikt gå ned. Sjølv om både biodrivstoff, bensin og diesel gir utslepp av CO2, går CO2 frå tre og plantar inn i eit kretsløp med mykje kortare omløpstid enn det olje og gass gjer.

"Biodrivstoff er CO2-nøytralt"

Med CO2-nøytralt meiner at det vi forbrenn totalt sett ikkje gir utslipp av CO2. Når vi brenn ved, vert CO2 frigjort. Viss tilsvarande mengde CO2 blir tatt opp igjen av eit nytt tre, kan vi hevde at det ikkje har blitt sloppe ut meir CO2 til atmosfæren. Vi må likevel ta med i betraktninga at eit tre treng tid for å vekse, slik at CO2 som blir sloppe ut når vi forbrenn biodrivstoff, ikkje vil bli tatt opp med ein gong. Det kan vere snakk om fleire tiår før balansen er retta opp att. Omgrepet klimanøytral bruker vi om aktivitetar som ikkje bidreg til drivhuseffekt.

"Biodrivstoff produsert i Europa øydelegg regnskog"

Produsentar av biodrivstoff må kunne dokumentere at dei ikkje har hogd regnskog eller dyrka opp myrområde for å skaffe landområde til produksjon. Auka bruk av biodrivstoff frå matplantar produsert i Europa, gjer at matproduksjonen blir flytta til land der regnskogen blir hogd for å frigjere jordbruksareal.

"Produksjon av biodrivstoff er bra for økosystemet"

Viss palmeoljeplantasjar blir etablert i område som ligg brakk eller ikkje har viktige biologiske verdiar, kan dei bidra positivt ved å stabilisere jordsmonn. Palmane som blir planta, vil òg vere med og ta opp CO2 frå atmosfæren.

"Sertifisert palmeolje sikrar berekraftig biodrivstoff"

Sidan mange har stilt spørsmål om kor berekraftig produksjonen av biodrivstoff har vore, har det kome i stand ordningar som sørger for at produksjonen ikkje skal fortrenge blant anna regnskog. Når Noreg og EU kjøper opp store mengder palmeolje, må dei som produserer mat kjøpe olja ein annan stad, kanskje frå tidlegare regnskogsområde. Produksjon av biodrivstoff kan indirekte bidra til hogst av regnskog, og dermed auka CO2-utslepp, fordi vi mister skog som kan ta opp CO2.

Læringsressursar

Biomasse – energi frå fotosyntesen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved høg temperatur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved hjelp av mikroorganismar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter