Vi kallar sluttbehandlinga av biomasse for ei biokjemisk omforming når dei organiske stoffa i biomassen blir brotne ned ved hjelp av mikroorganismar.
Biokjemisk omdanning av biomasse utan oksygen
Mikroorganismar lagar biogass
Nedbryting av biomasse utan oksygen (anaerob nedbryting) går føre seg i søppelfyllingar og i kloakkslam frå reinseanlegg. Ved hjelp av mikroorganismar blir dei organiske stoffa i biomassen danna om til ei gassblanding av metan (CH4) og karbondioksid (CO2). Bruker vi eit enkelt karbohydrat (glukose) som eksempel, kan vi skrive reaksjonslikninga for nedbrytinga slik:
C6H12O6 → 3 CH4 + 3 CO2 + energi
Gassblandinga på høgre side av reaksjonslikninga kallar vi biogass. For å unngå at metangassen, som har endå større drivhuseffekt enn CO2, slepp ut i atmosfæren, blir han samla opp og brukt som nyttig brensel.
Gjæring
Gjærceller har evne til å bryte ned karbohydrat. Etanol og karbondioksid blir danna som eit biprodukt av gjæring.
C6H12O6 → C2H5OH + CO2 + energi
Denne prosessen skjer uavhengig av oksygen og er dermed klassifisert som anaerob.
Biokjemisk omdanning av biomasse med oksygen
Det er denne prosessen som går føre seg inne i menneskekroppen og i dei fleste andre organismar. Om vi framleis bruker glukose som eksempel på eit organisk stoff, kan vi skrive reaksjonslikninga slik:
Som ved alle forbrenningsreaksjonar blir det frigjort energi. Det er derfor alltid godt og varmt i ein komposthaug. Denne varmen kan vi utnytte til oppvarming av bustader direkte eller via varmepumper.
Læringsressursar
Biomasse – energi frå fotosyntesen
Fagstoff
Biomasse gjer bioenergi
KjernestoffBioenergi – ein energiberar for framtida?
KjernestoffSamandrag – Biomasse som energikjelde
Kjernestoff- Tilleggsstoff
Bioenergi ved hjelp av mikroorganismarDu er her
Tilleggsstoff
Oppgaver og aktiviteter
Høyr deg sjølv - Biomasse som energikjelde
KjernestoffBiodiesel – bløff eller berekraft?
Kjernestoff