1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Biomasse – energi frå fotosyntesenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Biomasse – energi frå fotosyntesen

Biomasse er tre og plantar, organisk avfall frå hushald, landbruk og industri. Det er mykje energi å hente i biomasse, og han er fornybar. Er biomasse ei energikjelde for framtida?

Tresking av gul rapsåker sett ovanfrå. Foto.

Gull i grøne skogar

Energien som er bunden i tre og plantar er danna ved fotosyntese og kjem derfor opphavleg frå sollyset. Energien blir frigjort att når vi til dømes brenn ved. Tre kan ein male opp til sagflis og komprimere til pellets, og med biokjemisk tilarbeiding av plantemateriale kan vi lage biodiesel og bioetanol. Forskarar jobbar med å finne metodar for å gjere det lønnsamt å lage biodiesel og bioetanol av tømmer også.

Det matavfallet de samlar opp heime, kan omdannast til metan og nyttast til å varme opp vatn i eit fjernvarmeanlegg.

Når vi brukar biomasse som energikjelde blir karbondioksid frigjort til atmosfæren. Det er likevel ikkje særleg problematisk ettersom tre og plantar tek opp att karbondioksid i fotosyntesen.

Vi må vere klar over at storstilt bruk av biomasse som energikjelde kan ha uheldige følgjer, som når vegetasjonen blir fjerna og jordbruksområde blir brukte til å produsere drivstoff.

Bruk det du lærer om biomasse til å diskutere og vurdere om biomasse er ein god kandidat som energi for framtida.

Læringsressursar

Biomasse – energi frå fotosyntesen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved høg temperatur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioenergi ved hjelp av mikroorganismar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter