1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Sola gir varme og elektrisitetChevronRight
  5. Solfangarar gir varmvatnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Solfangarar gir varmvatn

Energi frå sola kan bli brukt til å varme opp vatn til dusjen, oppvasken og til oppvarming. Innretningar som fangar solenergi på denne måten, kallar vi solfangarar.

Væska i solfangaren tek opp varmeenergi frå sola

Fronten av ein solfangar består av glas som slepp inn sollyset. Glaset held tilbake ein del av den varmestrålinga som oppstår inne i solfangaren, ikkje ulikt den drivhuseffekten som jorda si atmosfære bidrar til.

Inne i ein solfangar er det eit lukka røyrsystem som er fylt med ei væske. Denne væska kan for eksempel vere vatn eller vatn tilsett frostvæske. For at væska skal kunne ta opp så mykje energi som mogleg, bli røyra lagde i sløyfer.Dette gjer at væska bruker lenger tid gjennom solfangaren, og den får såleis meir tid til å ta opp varmeenergi.

Botnen i ein solfangar har ein mørk farge for at den skal absorbere mest mogleg av strålinga frå sola. Då vil det bli danna meir varmeenergi enn om botnen var ljos. I tillegg er botnen godt isolert, slik at varmen blir heldt inne i solfangaren. Den mørke botnen blir varma opp, og ein del av varmestrålinga som oppstår blir heldt inne på grunn av glaset. Væska i røyra blir varma opp dels direkte av sola og dels av den drivhuseffekten som glaset syter for.

Den varme væska varmar i sin tur opp vatnet i ein varmvasstank eller eit større vassmagasin. Ei pumpe kan drive væskestraumen gjennom røyra. Når væska frå solfangaren har gjeve mesteparten av energien sin til vatnet i ein varmvasstank, blir den leigd tilbake til utedelen av solfangaren og ut i sola.

Læringsressursar

Sola gir varme og elektrisitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter