Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Sola gir varme og elektrisitetChevronRight
  5. Forsøk: Solceller og verknadsgradChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Solceller og verknadsgrad

I dette forsøket skal du undersøkje korleis ulike faktorar påvekar effekten til solceller, og berekne verknadsgrad.

To jenter undersøker solceller. Foto.

Utstyr

  • Solcelle kobla til propell og måleinstrument. Illustrasjon
    solceller
  • energimålar eller multimeter (eventuelt voltmeter og ampèremeter)
  • lysintensitetsmålar (pyranometer)
  • motor med propell
  • sollys eller ei kraftig lampe

Framgangsmåte og resultat

  1. Kople ei solcelle til motoren. Prøv å få motoren til å gå ved å plassere solcellepanelet i sola, eller framfor ei kraftig lampe. Legg merke til kva for veg og kor fort propellen roterer. Bytt om leidningane og sjå kva som skjer.
  2. Kople saman fleire solcellepanel. Har det noko betyding korleis du kopler desse saman? Mål spenning og straum med hjelp av multimeteret.
  3. Vend på panelet, slik at det ikkje lenger er retta direkte mot sola/lampa. Kor mykje kan du snu det bort før motoren stoppar?
  4. Bruk ein lysintensitetsmåler/pyranometer til å bestemme kor stor effekt per m2 solcellene får frå sollyset. Rekn ut arealet til dei solcellepanela du bruker.

  5. Effekt levert frå sol til solcellene=Lysintensitet i Wm2·areal av solcellene i m2

  6. Bruk eit multimeter eller ein energimålar til å finne ut kor mykje effekt solcellene gir til motoren. Viss du måler både strøm (i ampère) og spenning (i volt), så kan du rekne ut effekt ved å gange straum og spenning med kvarandre. Med ein energimålar kan du lese effektforbruket direkte.

  7. Effekt levert frå solceller til propell=straum i A·spenning i V

  8. Rekn ut verknadsgraden til desse solcellene
    Verknadsgrad=Effekt levert frå solcellene til propellenEffekt frå sol til solcellene·100%

Læringsressursar

Sola gir varme og elektrisitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter