Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Batteri og brenselceller - energi på fartaChevronRight
  5. Ulike typar brenselcellerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike typar brenselceller

Ein skil vanlegvis mellom ulike brenselceller ut frå oppbygginga til membranen, cella sin arbeidstemperatur og kva type drivstoff som blir brukt.

Selvkjørende truck med brenselcelle fyller hydrogen. Foto.
Selvkjørande truck med brenselcelle fyller hydrogen på tanken.

Ulike membrantypar

PEM-brenselcelle

("Proton Exchange Membrane" = protonleidande membran)

Dette er den typiske brenselcella vi finn i demonstrasjonar i skulen. Anode og katode er skilde av ein elektrolytt/membran som er gjennomtrengjeleg for proton, men ikkje for elektron.

Svakheita med PEM-celler er at dei ikkje toler ureiningar som karbonmonoksid (CO), og at dei er svært dyre å produsere.

PEM-celler opererer ved låge temperaturar.

SO-brenselcelle

(Solid oxide brenselcelle, SOFC = Fast oksid brenselcelle)

Anode og katode er skilde av ein membran som evnar å leie oksygenion frå katodesida til anodesida i brenselcella. Fordi ein ikkje treng frie proton, er dette brenselceller som kan bruke mange forskjellige drivstoff, for eksempel metanol. SO-brenselceller er òg kjenslevare når det gjeld ureiningar, og vil bli øydelagde av CO-ureining.

SO-brenselceller opererer ved høge temperaturar.

Ulike drivstoff

Brenselcellene i romfartsindustrien bruker hydrogen som drivstoff. Mykje av årsaka til dette er at rakettane som blir brukte i romfart, er drivne av hydrogen og oksygen. Dermed er problema rundt lagring og tilgang allereie løyste. I "hydrogensamfunnet" er hydrogendrivne brenselceller ein hjørnestein. Det er framleis mange problem som må løysast, men før eller sidan vil brenselcelleteknologien komme på banen.

Metanol

Brenselcelle på bord. Foto.
Metanoldreven brenselcelle

Med enkel kjemisk samansetnad og høgt energiinnhald er metanol aktuelt som drivstoff til brenselceller. Det er laga prototypar av metanoldrivne brenselceller til bruk i småelektronikk som datamaskiner og mobiltelefonar.

Sink

Sink-luftbrenselcella er ei blanding av eit batteri og ei brenselcelle. Sink blir oksidert til sinkoksid i prosessen som ikkje er reversibel. Brenselcella er dermed ubrukeleg etter at all sink er oksidert til sinkoksid. Men sink er billig å lage, og det er mogleg å resirkulere brenselcella/batteriet. Mindre sink-luftbrenselceller er aktuelle som energikjelder i elektronisk utstyr og blir i dag brukt som energikjelde i mellom anna høyreapparat.

Læringsressursar

Batteri og brenselceller - energi på farta

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva skjer i ei alkalisk brenselcelle

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historia om brenselceller

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordelar og ulemper med brenselceller

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter