Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Batteri og brenselceller - energi på fartaChevronRight
  5. Fordelar og ulemper med brenselcellerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fordelar og ulemper med brenselceller

Forholdet mellom vekt, effekt og energitettleik som vi finn i brenselcella, gjer ho godt eigna i innretningar der låg vekt og lite volum er viktig. Innanfor romfart er batteria allereie utkonkurrerte.

Stakk med brenselsesller i laboratorium. Foto

Høg energitettleik – kjenslevar teknologi

Ei brenselcelle med hydrogen som drivstoff slepper berre ut vatn (H2O). Så lenge hydrogenet er produsert frå fornybar energi, blir det ikkje noko utslepp av

til atmosfæren.

Forholdet mellom vekt, effekt og energitettleik som vi finn i brenselcella, gjer ho godt eigna i innretningar der låg vekt og lite volum er viktig. Innanfor romfart er batteria allereie utkonkurrerte, og mykje tyder på at småelektronikken vil vere først ute med ny brenselcelleteknologi i framtida.

I dag er brenselceller veldig dyre. Dette kjem av at dei har ein komplisert konstruksjon, det blir produsert få av dei, og dei er samansette av dyre material. Derfor har ein til no berre brukt brenselceller der økonomien ikkje har spelt noka rolle, eller i samband med forsking.

Det kanskje viktigaste problemet som må løysast, er at brenselcella er særs kjenslevar for ureiningar i drivstoffet og i lufta.

Dersom energien frå blir brukt til å framstille hydrogen, er utsleppet av CO2 til atmosfæren på ein måte unnagjort før hydrogenet blir sendt inn i brenselcella. Slik sett kan ikkje brenselcella seiast å vere særleg miljøvennleg.

Men hydrogen kan òg framstillast i stor målestokk utan forureiningar – ved elektrolyse av vatn. Dersom energien til elektrolysen kjem direkte eller indirekte frå sola, anten gjennom solceller eller gjennom energien i fossefalla eller frå andre

, blir brenselcella fri for forureiningar og kan avløyse store delar av dei miljøfarlege energikjeldene vi har i dag.



Læringsressursar

Batteri og brenselceller - energi på farta

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ulike typar brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva skjer i ei alkalisk brenselcelle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historia om brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter