Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Batteri og brenselceller - energi på fartaChevronRight
  5. Øvingsoppgåver - Batteri og brenselcellerChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver - Batteri og brenselceller

To hender justerer bilbatteri. Foto.
  1. Korfor bør vi ikkje ha open flamme nær ein blyakkumulator som blir ladd?
  2. Skriv ei reaksjonslikning som viser at opplading og utlading av blyakkumulatoren er to motsette prosessar. Forklar også kva som er opplading, og kva som er utlading.
  3. Korleis kan vi medverke til å redusere batteriavfallet?
  4. Finn ut kva slags batteri du har i mobiltelefonen, PC-en eller i digitalkameraet ditt.
  5. Korfor har ein slutta å produsere nikkel-kadmiumbatteri?
  6. Korfor kan vi ikkje utan vidare bruke nikkel-metallhydrid- og litiumionebatteri om kvarandre?
  7. Elektrodereaksjonane i PEM-brenselcella er:


    Negativ elektrode:

    H2 → 2 H+ + 2 e-

    Positiv elektrode:

    O2 + 4 H+ + 4 e- → 2 H2O

    Bruk dette til å utleie totalreaksjonen for brenselcella.

  8. Kor mange elektron blir sende ut i ein ytre straumkrins for kvart H2-molekyl som reagerer ved den negative elektroden?
  9. Kor stor straum kan vi få av brenselcella når 0,1 g H2 reagerer ved den negative elektroden kvar time?
    0,1 g H2 inneheld 3×1022 molekyl, og ein straum på 1 A svarer til at 6,25×1018 elektron blir sendt ut i en ytre straumkrins kvart sekund.

Læringsressursar

Batteri og brenselceller - energi på farta

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ulike typar brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva skjer i ei alkalisk brenselcelle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historia om brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordelar og ulemper med brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter