1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Batteri og brenselceller - energi på fartaChevronRight
  5. Samandrag – Batteri og brenselcellerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Batteri og brenselceller

Jente holder hendene foran munnen når gutt kaster batteri i liten søppelkasse. Foto.
"Nei, nei, gutt!" Alle batteri skal leverast til attvinning. Ikkje rart jenta som ser på blir forskrekka.

Batteri

  • Eingongsbatteriet er utbrukt når det ikkje er meir igjen av elektrodematerialet.
  • Eit tørrelement (1,5 V) består i hovudsak av karbon som utgjer den positive elektroden, sink som utgjer den negative elektroden, og ammoniumklorid som fungerer som elektrolytt.
  • Dei alkaliske batteria (1,5 V) har kaliumhydroksid som elektrolytt.
  • Eit litiumbatteri (3–3,5 V) har metallisk litium som negativ elektrode. Positiv elektrode og elektrolytt kan variere frå batteritype til batteritype.
  • Oppladbare batteri er galvaniske element der elektrodereaksjonane under bruk kan tvingast til å gå den andre vegen, slik at batteriet kan ladast opp igjen.
  • For blyakkumulatoren (2,0 V) går reaksjonen:

Pb2+ + Pb2+⇋Pb + Pb4+

mot høgre ved opplading og mot venstre ved utlading.

  • Eit nikkel-metallhydridbatteri (1,2 V) består av nikkel som fungerer som den negative elektroden, og eit metallhydrid som fungerer som positiv elektrode.
  • Eit litiumionebatteri (3,7 V) er laga av grafitt som fungerer som den negative elektroden, og ei litiumsambinding som utgjer den positive elektroden. Opplading og utlading av eit litiumionebatteri består i hovudsak av ei form for pendling av Li+-ion fram og tilbake mellom elektrodane.
  • Alle batteri med tungmetall skal behandlast som spesialavfall. Alle miljøvennlege, oppladbare batteri bør returnerast til gjenvinning. Miljøvennlege eingongsbatteri kan kastast i restavfallet.

Brenselceller

  • Ei brenselcelle er ei form for galvanisk element med gasselektrodar.
  • Den alkaliske brenselcella (1,23 V) består av to porøse nikkelelektrodar og ein elektrolytt av kaliumhydroksid.
  • PEM-brenselcella (1,23 V) har ein protonleiande membran i staden for elektrolytt.
  • Hydrogengass blir i begge tilfella pumpa inn mot den negative elektroden og oksygengass blir pumpa inn mot den positive elektroden, og totalreaksjonen er:

2 H2 + O2 → 2 H2O.

Læringsressursar

Batteri og brenselceller - energi på farta

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ulike typar brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva skjer i ei alkalisk brenselcelle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historia om brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordelar og ulemper med brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter