Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Batteri og brenselceller - energi på fartaChevronRight
  5. MiljøansvarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Miljøansvar

Nokre batteri inneheld tungmetall og dei utgjør dermed eit miljøproblem. Sjølv om ikkje alle batteri inneheld tungmetall, så skal alle batteri leverast til gjenvinning.

To menn sorterer brukte batterier ved et samlebånd. Foto.

Tungmetallbatteri med Hg, Cd og Pb

Tungmetalla kvikksølv (Hg), kadmium (Cd) og bly (Pb) er miljøgifter. Det vil seie at dei er giftige og skadelege for naturen, jamvel i små mengder. Tungmetalla som følgjer med batteri som blir kasta i restavfallet, kan vi på ein ubehageleg måte få i retur på middagstallerkenen.

Metalla som hamnar i næringskjedene på land eller i vatn, vil i sin tur og etter kvart finne vegen til matvarer som fisk og kjøtt. Tungmetall kan hos menneske føre til fosterskadar, nerveskadar, muskelskadar og skadar på skjelett og nyrer.

Alle bilbatteria representerer eit miljøproblem, fordi dei inneheld bly. Dei kan leverast inn på bensinstasjonar.

Den dagen vi skal kvitte oss med tungmetallbatteri, skal vi sørgje for at dei blir behandla som spesialavfall. Dei kan leverast gratis tilbake til forhandlaren eller til ein høveleg miljøstasjon. Derfrå blir dei sende vidare til attvinning.

Merking

Avfallsbeholder med et stort kryss.

Alle batteri blir i dag merkte med eit symbol som skal fortelje forbrukaren at batteriet ikkje må kastast i restavfallet. Symbolet består av ein avfallsdunk med eit stort kryss over og med kjemisk symbol for det miljøskadelege tungmetallet. Utan unntak skal alle batteri leverast inn via forhandlarar, avfallsselskap eller anna godkjend innsamlingsordning.

Vel oppladbare batteri eller nettspenning

Vi kan gjere ein innsats for å redusere batteriavfallet ved i større grad å velje oppladbare batteri i staden for eingongsbatteri eller ved å bruke nettspenninga via adapter i staden for batteri der det lèt seg gjere.

Læringsressursar

Batteri og brenselceller - energi på farta

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ulike typar brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva skjer i ei alkalisk brenselcelle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historia om brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordelar og ulemper med brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter