Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Batteri og brenselceller - energi på fartaChevronRight
  5. Kva skjer i ei alkalisk brenselcelleChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva skjer i ei alkalisk brenselcelle

Kjemisk energi i hydrogen og oksygen vert omdanna til elektrisk energi

Vi skal sjå nærare på korleis vi kan omforme den i hydrogen og oksygen til i ei alkalisk brenselcelle (AFC, Alkaline Fuel Cell).

Hydrogengass og oksygengass ved kvar sin elektrode

I brenselcella boblar hydrogen- og oksygengass rundt kvar sin elektrode. Til den negative elektroden strøymer det hydrogengass, og til den positive strøymer det oksygengass.

Negativ elektrode

2 H2 + 4 OH- → 4 H2O + 4 e-

Av reaksjonslikninga ved den negative elektroden ser vi at for kvart H2-molekyl som reagerer med OH--ion til H2O, blir det frigjort to elektron (2 e-). Dei kan forlate elektroden og strøyme ut i leidningen. Dess fleire H2-molekyl som reagerer, dess fleire elektron strøymer ut i leidningen.

Så lenge vi fyller på med H2-molekyl, held elektrona fram med å strøyme.

Positiv elektrode

O2 + 2 H2O + 4 e- → 4 OH-

Når elektrona kjem fram til den positive elektroden, blir dei tekne hand om av O2- og H2O-molekyla, og det blir utvikla OH--ion. Gjennom elektrolytten blir ladningane frakta av K+- og OH--ion. Då er vi komne attende til startpunktet, og vi har fått ein lukka straumkrins. Straumen held fram så lenge vi tilfører H2- og O2-gass.

Frå elektrodereaksjonar til totalreaksjonen

Vi skal fram til totalreaksjonen for det som skjer i brenselcella og tek utgangspunkt i elektrodereaksjonane.

Vi ser fire elektron (4 e-) i begge reaksjonslikningane. Då legg vi dei saman:

2 H2 + 4 OH- + O2 + 2 H2O + 4 e- → 4 H2O + 4 e- + 4 OH-

Når vi fjernar like partiklar, 4 OH-, 4 e- og 2 H2O, på begge sider, får vi totalreaksjonen for brenselcella:

2 H2 + O2 → 2 H2O

Læringsressursar

Batteri og brenselceller - energi på farta

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ulike typar brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historia om brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordelar og ulemper med brenselceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter