Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Galvaniske element

Du skal sette saman og måle spenninga på nokre galvaniske element.

Skjematisk oppstillinga av utstyr til galvanisk element. Illustrasjon.

Utstyr

  • begerglas 100 cm3
  • koparsulfat
  • koparelektrode
  • magnesiumband
  • voltmeter
  • lampehaldar
  • lyspære (1,5 V, 90mA)
  • krokodilleklemmer
  • leidningar
  • sinkelektrode
  • karbonelektrode
  • ammoniumklorid
  • sandpapir
  • sitron (potet eller anna frukt eller grønnsak)

Framgangsmåte

Vi kan lage eit galvanisk element av ein koparelektrode og eit ca. 10 cm langt magnesiumband, med koparsulfat som elektrolytt.
Det kan lønne seg å pusse begge elektrodane med sandpapir før bruk.

  1. Brett magnesiumbandet til ein flat bunt og kopl det til ein leidning med ei krokodilleklemme.Kopl eit voltmeter til elektrodane og les av spenninga.
    • Kor høg er spenninga?
    • Kva for ein elektrode er positiv, og kva for ein er negativ?
    • Prøv om det galvaniske elementet kan få ei lyspære (som dreg lite straum) til å lyse.

  2. Lag eit galvanisk element med ein kopar- og ein sinkelektrode som du stikk inn i ein sitron (eller tilsvarande).
    • Kva blir spenninga?

  3. Lag til sist eit galvanisk element med ein karbon- og ein sinkelektrode i ein løysning av ammoniumklorid.
    • Kva blir spenninga?
    • Kva for ein elektrode er positiv, og kva for ein er negativ?
    • Kva slags type batteri er dette eit eksempel på?
Galvanisk element med kobbersulfat som elektrolytt. Illustrasjon.

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter