Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
  5. Øvingsoppgåver - RedoksreaksjonarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Øvingsoppgåver - Redoksreaksjonar

Desse oppgåvene om redoksreaksjonar krev at du søkjer opplysningar og arbeider med stoffet.

To personer spiser mat ved bål. Foto.

  1. Kva er skilnaden på ei fullstendig og ei ufullstendig forbrenning av eit organisk stoff?
  2. Vi pustar ut dei same stoffa, CO2 og H2O, som vi får når eit stearinlys brenn. Kva kan det kome av?
  3. Kva for eit stoff blir oksidert, og kva for eit stoff blir redusert i desse reaksjonane?
    1. Zn + 2 H+ → Zn2+ + H2
    2. Cu2+ + Zn → Cu + Zn2+
    3. Zn + S → ZnS
    4. C + O2 → CO2
    5. 2 Na + Cl2 → 2 NaCl
    6. CuO + H2 ? Cu + H2O
  4. Elektrolyse

    1. Kva slags væsker leier elektrisk straum?
    2. Kva er det som gjer at koksalt (natriumklorid) i vatn leier elektrisk straum, mens koksaltet ikkje leier straum når det er tørt?
    3. Kva har oksidasjon og reduksjon med elektrolyse å gjere?
  5. Elektrolyse av koparklorid

    1. Skriv opp iona som finst i ein løysning av CuCl2 i vatn.
      Vi set to elektrodar ned i løysningen og koplar dei til ein straumkrins.
    2. Kva slags veg går iona i løysningen?
    3. Kva for ion blir oksiderte, og kva for ion blir reduserte under elektrolysen?
  6. Spenningsrekkja

    1. Kva for eigenskapar ved metalla kjem til uttrykk i spenningsrekkja?
    2. Kva kan vi bruke spenningsrekkja til?
    3. Korleis går det med ei sølvskei i ein løysning av koparsulfat?
    4. Skriv reaksjonslikninga for det som skjer når vi legg ei remse magnesium i ein løysning av jernsulfat.
    5. Forklar kvifor sink blir den negative elektroden i eit galvanisk element med sink og kopar som elektrodar.

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?